Bad finanskomiteen tenkje på matproduksjonen
Norges Bondelag deltok i dag på høyring i finanskomiteen og advarte mot endringar i skatte- og avgiftspolitikken.
Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes deltok tysdag i finanskomiteen si høyring om statsbudsjettet, og fortalde om kva konsekvensar framlegga til endringar i skatte-, avgifts- og tollinntektsreglane vil få for den samla norske matproduksjonen.
Snakka om dei små besetningane
Eit framlegg i statsbudsjettet for 2015 er å auke minstegrensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150.000 kroner. 8500 landbruksføretak vil då felle ut av mva-registeret, og 67 % av desse er korn-, saue- eller ammekuprodusentar.
- Vi ber finanskomiteen sørge for at beløpsgrensa blir halde uendra på 50.000 kroner. Dette er avgjerande for å sikre framleis rekruttering og innovasjon innafor landbruket, sa Bartnes til finanskomiteen.
Særleg mange sauebønder vil oppleve store inntektskutt dersom framlegga frå regjeringa om endringar i avgiftspolitikken får gjennomslag.
- Gjennomsnittsbesetninga i Noreg er knappe 70 vinterfora sau. Denne gruppa produsentar bidrar med ein betydeleg del av den totale produksjonen av sauekjøtt. Ved større investeringar vil manglande mva-frådrag svekke lønnsemda så mykje at drifta kan bli avvikla, advarte Bartnes
- Les også: Savner skattegrep for økt matproduksjon
- Prioriter forsking på landbruk
Ein annan negativ konsekvens for landbruket i framlegget til statsbudsjett, er at støtta til forsking på landbruk er foreslått kutta.
- Eit avgjerande verktøy for å nå målsettinga om auka matproduksjon er satsing på forsking og kunnskapsutvikling. At regjeringa vel å nedprioritere midlar til forsking på landbruksområdet er derfor eit steg i feil retning, sa Lars Petter Bartnes under dagens høyring.
Norges Bondelag vil bidra konstruktivt
Regjeringa har varsla ein gjennomgang av skatteordningane i landbruket med sikte på enklare reglar. Norges Bondelag ønskjer å bidra konstruktivt i dette arbeidet. Lars Petter Bartnes oppmoda i dag finanskomiteen om å sjå til at denne gjennomgangen blir gjort med det formålet å skulle styrke bondens økonomi, noko regjeringa tidlegare har uttalt at dei har eit mål om.