- For eit år sidan meldte Lars Petter Bartnes at han ikkje tok attval som leiar i Norges Bondelag. Koronapandemien frå mars 2020 sette landet og organisasjonen i ein svært krevjande situasjon, og Bartnes sa seg villig til å leie organisasjonen fram til årsmøtet 2021. På årsmøtet i oktober 2020 fekk han full tillit, og Bartnes arbeider med stor styrke fram mot og gjennom jordbruksforhandlingane til våren. Me er svært takksamme for at Lars Petter mobiliserte og tok på seg å leie organisasjonen gjennom dette året med så mange uforutsette og vanskelege oppgåver, seier leiar i valnemnda Anne Kristine Rossebø.

No skal årsmøtet i juni velje ny leiar for Norges Bondelag. Fylkeslaga og samvirkeorganisasjonane har frist til 12. februar med å komme med innspel på kandidater. Valnemnda i Norges Bondelag er leia av Anne Kristine Rossebø og har desse medlemmane: Liv Heidi Losvar, Knut Erik Ulltveit, Anne Aasnæs Andvik, Trond Arne Reierstad, Anders Hole Fyksen, Knut Byrkjenes Hauso og Kari Åker.

Leiarvervet i Norges Bondelag er det viktigaste og mest sentrale vervet i norsk landbruk. Det er framleis ei utfordrande tid, samtidig som folk har blitt meir merksamme på matsikkerhet og landbruk. Vi er i gang med ein svært viktig rekrutteringsjobb, seier Anne Kristine Rossebø, som ser etter engasjerte, kunnskapsrike og dyktige kandidater.

Desse er på val i 2021
 
Leiartrioen i Norges Bondelag veljes for eit år. Medan Lars Petter Bartnes ikkje stiller seg til disposisjon for organisasjonen, gjer 1. nestleiar Bjørn Gimming og 2. nestleiar Bodhild Fjelltveit det. 
 
Som styremedlemmar for to år, stiller Erling Aas-Eng, Innlandet og Merethe Sund, Nordland og Nortura, seg til disposisjon. Det gjer også Arthur Salte, Rogaland og Solveig Bratteng-Rønning, Nordland og Tine,  som begge vart valt i 2020 på suppleringsval.
 
Varamedlemmar, ordførar og varaordførar veljes for eit år. Her stiller alle seg til disposisjon. 

KONTAKTINFORMASJON TIL VALGNEMDA