- Alle land må ta ansvar for matberedskap
- Reformer og endringer ønsket av regjeringen må bidra til økt matproduksjon, sa Nils T. Bjørke i regjeringens kontaktutvalg mandag.
Mandag den 10. februar møtte Nils T. Bjørke regjeringens kontaktutvalg.
- Arbeidsproduktivitetsøkning på 6 % årlig over ein 10-års periode i landbruket vitner om en næring i rask endring, særlig når vi sammenligner med næringslivet ellers, der det er bekymring for svak utvikling i mange bransjer, sa Bjørke i sitt innlegg.
Han påpekte også at:
* Norske bønder utgjør hver tiende foretak i Norge og 30% av enkeltpersonsforetak.
* Skatteskjerpelse ved generasjonsskifte er et steg i feil retning.
* Global folkevekst og ustabil klima gjør at alle land må ta ansvar for matberedskap.
* Bøndenes inntekt bør følge en kronemessig utvikling på linje med ande grupper. Et fornuftig mål er prisuttak i takt med kostnadsveksten
* Reformer og endringer ønsket av regjeringen må bidra til økt matproduksjon.
Kontaktutvalgene tjener som forum for gjensidige orienteringer mellom staten og de forskjellige næringene i Norge. Her er innlegget i sin helhet:
Framtidsretta matproduksjon |
---|
Norsk landbruk er ei viktig næring med 90 000 sysselsette, der 45 000 i industrien og 45 000 bønder er gjensidig avhengig av kvarandre. Arbeidsproduktivitetsauke på 6 % årleg over ein 10-års periode i landbruket vitnar om ei næring i rask endring, særleg når me samanliknar med næringslivet elles, der det no er bekymring for svak utvikling i mange bransjar. Landbruket er tufta på fornybare ressursar. Når dei vert forvalta rett, kan me levera langt inn i framtida. Leveransen er sjølvsagt mat, men mykje meir. Det er utvikling av lokale matspesialitetar grøn energiproduksjon, reiselivsprodukt som gjev grunnlag for merkevaren Noreg, utmarkstilbod, og omsorgstenester. Norske bønder utgjer faktisk om lag kvar tiande føretak i Noreg. Av 160.000 enkeltpersonsføretak i utgjer aktive bønder ca 30%. Enkeltpersonføretak er den klårt enklaste føretaksforma og Norges Bondelag ber regjeringa leggje vekt på å betre vilkåra for denne gruppa. Ein underskog av små føretak er avgjerande for utviklinga av næringslivet over tid. Skatteskjerpinga frå 1. januar ved generasjonsskifte i familieføretaka var eit steg i feil retning. Norges Bondelag legg til grunn at regjeringa sine løfte om monaleg skattereduksjon for næringslivet, også gjeld denne føretaksforma. Med sterkt global folkevekst og stadig meir ustabilt klima må alle land ta ansvar for matvareberedskap. Tilgang til nok og trygg mat er ein viktig del av nasjonal beredskap. Derfor er regjeringa si målsetting om høgast mogleg matproduksjon av beredskapsomsyn klokt og naudsynt. Stortinget har slutta seg til dette gjennom næringskomiteen si uttale der det heiter at me må ha ”auka matproduskjon med intensjon om auka sjølvforsyning”. Matsikkerheit er også svært låg bruk av antibiotika, spreidd produksjon og god kontroll med heile produksjonskjeda. Skal matvareberedskapen vere reell, må den tuftast på norske ressursar og utnytting av areal i heile landet. Me er derfor glad for at Sylvi Listhaug uttala i Stortinget at vi må ha ”eit aktivt landbruk over heile landet… , og vi kommer til å ha støtteordningar som tar høgde for det”. Næringa treng føreseielege rammer som gjev lønsemd. Det gjev rekruttering, satsing og framtidsretta investeringar hjå dei næringsdrivande. Landbruket må være en moderne arbeidsplass med fokus på bondens helse og velferd. Inntektsutvikling må vere på line med andre grupper. For å kunne auke matproduksjonen på ein klimasmart og bærekraftig måte, og få folk inn i næringa må det være pengar å tene. Inntektene frå jordbruket må ha ein kronemessig utvikling på line med andre grupper, ikkje minst sett på bakgrunn av at denne delen av næringslivet har særs høg produktivitetsvekst. Regjeringa vil ha reformer og endringar. Reformer må bidra til å nå målet om auka matproduksjon, verkemiddel må byggje opp om måla. Grundige vurderingar og konsekvensanalyse gjev større sikkerheit for å nå måla. Regjeringa har varsla store endringar i eigedomsregelverket. Slike endringar må sikra at areal blir brukt til matproduksjon, og ikkje aukar kostnadane og tappar næringa for kapital. Norges Bondelag ber regjeringa sjå dei ulika verkemidlane i samanheng. Dette inneber mellom anna at den føreslegne fjerninga av prisreguleringa bør leggjast inn i den varsla gjennomgangen. Jordbruksforhandlingane startar i april og vil bli den første verkelege testen på regjeringa sin landbrukspolitikk. Ut frå at me har felles mål om auka matproduksjon, har me tru på at det skal vere mogleg å kome fram til ein jordbruksavtale. |