- WTO-reglar må ikkje hindre nasjonal matproduksjon

Av Elisabeth Sæther,
  • Tips en venn om denne siden

Nestleder i Bondelaget, Bjørn Gimming, innleder på WTO Public Forum, oktober 2018.
Nestleiar Bjørn Gimming heldt innlegg under årets offentlege forum i Geneve. – WTO-reglane må ikkje øydelegge moglegheiter for nasjonal matproduksjon til eigne forbrukarar, sa Gimming.

- Parisavtala slår fast at kutt i klimagassar ikkje skal gå ut over matproduksjonen. På same måte kan vi ikkje godta at handelsreglar undergrev matproduksjon til eigne forbrukarar. Det slo nestleiar Bjørn Gimming fast på eit møte arrangert av Norges Bondelag under WTOs offentlege forum i Geneve.

Ein gong i året opnar Verdas Handelsorganisasjon (WTO) dørene og inviterer organisasjonar og næringsliv til å arrangere eigne seminar. 100 sidearrangement vart arrangert i år og 2500 personar deltok. Eitt av tema for årets offentlege forum var berekraft og handel. Norges Bondelag arrangerte debattmøte saman med bondelag frå USA, Sveits, Canada og Uganda. Temaet var om handel bidreg til ein meir berekraftig jordbruksproduksjon.

- Tøffare konkurranse frå importerte produkt kan gi eit kappløp mot botnen, der berekraftsmål som anstendig arbeid, ansvarleg forbruk, reint vatn og klimapolitikken blir taparar. I Noreg seier vi at toll er vår garanti for anstendig løn til bøndene, sa Gimming.
 

Marknadsregulering gir berekraft i Canada

Også andre av paneldeltakarane var inne på liknande tankar:

- Vi er ikkje imot handel, men reglane må vere rettferdige, sa leiar Bruno Letendre for dei kanadiske mjølkebøndene. - Matsuverenitet er viktig.

Canada har eit marknadsreguleringssystem som liknar det norske (supply management). – Dette systemet er berekraftig. Vi får ein balansert produksjon, det er meir føreseieleg for bøndene og prisane er meir stabile, samtidig som vi ser at prisane til forbrukar er lågare enn t.d i USA, sa Letendre.

USA og Canada inngjekk denne veke ei handelsavtale der det kanadiske marknadsreguleringssystemet var under press. Dei klarte å oppretthalde systemet, men måtte utvide mjølkekvota med nesten 4%.  
 

Diskusjonar om støtte i WTO

I samband med årets opne forum hadde Norges Bondelag også møte med den norske ambassadøren og landbruksråden til WTO, i tillegg til landbruksråden frå Canada. Ein nytta også høvet til samtaler med bondelag frå Storbritannia, Finland, USA, Canada, Sveits, Uganda og Frankrike.

Tempoet i jordbruksforhandlingane er skrudd opp eit par hakk, med eitt møte i månaden. Mykje fokus er på internstøtte, noko Noreg er svært avhengig av. Men førebels dreier det seg om analysar, og det er ikkje venta at det blir semje om reduksjonar med det fyrste. USA ynskjer å kople diskusjonen om internstøtte til ein diskusjon om reduksjonar i importvernet.

Konflikten mellom USA og Kina dominerer også WTO. USA har gått til panelsak i WTO om kinesisk støtte. Men samtidig blokkerer USA oppnemning av nye dommarer til WTOs tvisteløysingsorgan. Frå oktober er det berre 3 dommarar igjen. Dette er et minimum for å kunne oppretthalde funksjonen til domstolen. Fleire er på veg ut, og det er berre eit tidsspørsmål når domstolen er ute av funksjon, med mindre nye dommarar blir oppnenmde.

Landbrukets klimaplan vedtatt i dag

-Dette er en viktig milepæl for norske bønder, sa Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag, da Landbrukets klimaplan ble vedtatt i dag.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Ønsker forenklede forhandlinger

Etter dagens møte i representantskapet i Norges Bondelag, er målet å gjennomføre jordbruksforhandlinger i vår for å få på plass rammene for matproduksjonen framover.

I dag blir landbrukets klimaplan overlevert

Landbrukets klimaplan er oppe til vedtak i et samlet landbruk i dag, og deretter overrakt i et videomøte mellom statsrådene Bollestad og Rotevatn i regjeringskvartalet, og bondelagsleder Lars Petter Bartnes fra Trøndelag.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere