- Vi nordiske bønder kan levere løysingar og produkt som oppfyller mål og ambisjonar for framtidas berekraftige samfunn. Men det må skje i eit konstruktivt og tillitsfullt partnarskap med regjeringar, politikarar og forskingsinstitusjonar, uttaler den danske presidenten for den nordiske bondeorganisasjonen NBC, Søren Søndergaard.

Sterk uro for CO2-avgift og EU-krav

Danske bønder uttrykte under møtet sterk uro for CO2-avgifta styresmaktene vil pålegge dei. I staden foreslår dei tiltak som får ned utsleppa utan å redusere produksjonen. Ved hjelp av mellom anna pyrolyse, fakkelbrenning av metan frå gylletankar og nitrifikasjonshemmarar i gjødsel meiner danske bønder dei kan nå målet om å redusere drivhusgassutsleppa med 55-56% innan 2030 (sml med 1990).

Leiar for den svenske bondeorganisasjonen LRF, Palle Borgström, er meir uroa over tiltaka som kjem frå EU enn eiga regjering. – Sverige har ikkje råd til å redusere produksjonen, også på grunn av berekraft. Haldningane har endra seg etter pandemien, ein trur ikkje lenger at ein berre kan importere, sa Borgström. Han påpeika at avgifter eignar seg til å få ned privatbilismen, men ikkje der det manglar alternativ, som på traktorar.

Finland har ambisjonar om å bli klimanøytralt allereie i 2025. – Det blir tøffare for kvart år, konstaterte bondelagsleiar i MTK, Juha Marttila, som var bekymra for eigedomsretten til skogen. – Vi skal vere proaktive, men må alltid seie at den viktigaste rolla for landbruket er å produsere mat. I tillegg skal vi utnytte energimarknaden som blomstrar no.

Nestleiar Egil Chr Hoen i Norges Bondelag kunne konstatere at dei nordiske landa er ulike, vi er ikkje medlem i EU og har ei konstruktiv regjering, men likevel har diskusjonen om CO2-avgift dukka opp.

- Vi har heldigvis ikkje ei CO2-avgift, men i staden inngått ei avtale med regjeringa om å redusere utsleppa utan å redusere produksjonen. Slik kan vi styre sjølve korleis måla skal bli nådd, sa Egil.

Minister konfrontert med nordiske kostholdsråd

Den danske ministeren for landsbygda og nordiske spørsmål, Louise Schack Elholm (Venstre) innrømma at dei har utfordringar med den planlagde CO2-avgifta: - Den må ikkje undergrave produksjonen, sa Schack Elholm.

Ministeren vart også utfordra på dei nye nordiske kostholdsråda som vart lagt fram i juni. Danmark har allereie innført sine eigne råd om maks 350 gram raudt og kvitt kjøt. – Det er viktig at tilrådingane er faktabaserte. Ein må også satse på plantebasert produksjon. Fleire og fleire av forbrukarane ynskjer meir av det. Vi har ikkje enno teke stilling til dei nordiske kostholdsråda, sa Schack Elholm.

Palle Borgström konstaterte at det nordiske samarbeidet blant bøndene hadde vore til stor hjelp i den svenske debatten.

- Haldningar hindrar likestilling

Likestilling var også høgt på dagsordenen då dei nordiske bondeorganisasjonane møttest. Sverige er langt framme, men har enno eit stykke å gå, kostaterte den svenske bondelagsleiaren Palle Borgström: - Vi kan ikkje berre måla talet på kvinner. Det handlar mykje om kultur. Mee too viste at vi har eit kulturproblem. Vi ser ofte at kvinnene ikkje kjenner seg heime og veljer seg vekk frå maskin og teknikk, seier Borgström. – Likestilling er ikkje berre viktig for kvinner, det blir betre resultat når kvinner kjem inn.

2.nestleiar Bodhild Fjelltveit i Norges Bondelag fortalde om korleis haldningar er eit problem i Noreg der lovgjevinga stort sett er på plass og vi har mange kvinner i styra og leiande stillingar: - Det tek lang tid å endre haldningar. Kvinner set også høgare krav til seg sjølv. I tillegg må bonden kunne ha eit moderne familieliv. Det er framleis for lite pengar i ordningane for fødsel og sjukdom.

I Danmark har dei nedsett mange utval, men lite ha skjedd. – Det er berre ein kvinneleg formann i dei lokale organisasjonane, ingen kvinnelege leiarar i andelsselskapa, sa nestleiar og einaste kvinna i styret i det danske bondelaget, Landbrug og Fødevarer, Lone Andersen. – Vi treng ikkje fleire utval, men leiarar som reiser rundt og snakkar om likestilling. Kanskje Palle Borgström kunne kome på besøk, sa Andersen. Også finsk statistikk viser få kvinner i styra og som andelseigarar, medan Island har lukkast med å få 50/50-fordeling på kvinner og menn i styra.

Dei nordiske unge bøndene har oppretta organisasjonen NYFA under NBC. Ein eigen bolke om rekruttering var også del av programmet i Legoland.

Formannskapet i den snart 90 år gamle felles nordiske bondeorganisasjonen NBC går på rundgang. Noreg tok no over formannskapet for to år. Norske medlemmer er Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke.

NBC la fram ein eigen uttale frå møtet som du kan lese HER.