- Når klima- og miljødepartementet ikkje ville evaluere konsekvensane av rovviltforliket for landbruket, er det bra at Sylvi Listhaug tar ansvar for dette, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
- Det betyr mykje for dei som har utfordringar med rovdyr at deira erfaringar og opplevingar blir tatt på alvor, understreker Bartnes.
I sommar sende Norges Bondelag i lag med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Sau og Geit eit brev til klima- og miljøminister Tine Sundtoft, der vi bad om ei landbruksfagleg evaluering av rovviltforliket for å sjå korleis dette påverkar vår næringa. Sundtoft avviste dette, og det same gjorde statssekretæren hennes i ein debatt med Lars Petter Bartnes på NRK. Departementet let Norsk Institutt for naturforskning NINA gjennomføre evalueringa av den regionale forvaltninga og dei regionale bestandsmåla som vedtatt i forliket.
Viktig siger for næringa
Etter intens jobbing frå vår side, har no landbruks- og matminister Sylvi Listhaug gripe inn i saka og bedd Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjennomføre ein vitskapeleg gjennomgang av korleis rovviltbestanden påverkar landbruket.
– Klima- og miljødepartementet gjennomfører den evalueringa av regional rovviltforvalting som Stortinget bad om i rovviltforliket. Eg har lytta til næringsorganisasjonane og er einig i at det i tillegg er nyttig med ein mer landbruksspesifikk gjennomgang av kva rovviltbestandane betyr for norsk landbruk, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug i ei pressemelding.
Brei gjennomgang
- No er det viktig at denne evalueringa blir ein del av kunnskapsgrunnlaget for det vidare arbeidet med rovviltforliket i Klima- og miljødepartementet, og ikkje berre blir brukt av Landbruks- og matdepartementet, seier Lars Petter Bartnes.
Landbruks- og matdepartementet vil be NIBIO sjå på kva betydning rovviltbestanden har for følgjande område innafor norsk landbruk:
- Matproduksjon basert på norske ressursar
- Utnytting av beiteressursar
- Vegetasjon og naturmangfald
- Alternativ næringsutvikling i landbruket/omstilling til annan drift
- Beite-/områdebruk innafor reindrifta.