- Tilbodet er i strid med dokkar eigne føringar

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Høyring 240517

- Tilbodet frå regjeringa er i strid med dei føringane næringskomiteen la ti dagar før tilbodet vart lagt fram. No må de legge eintydige, udiskutable føringar vidare, sa Lars Petter Bartnes til næringskomiteen.

- Brotet i jordbruksoppgjeret handlar om korleis vi legg til rette for eit landbruk over heile landet med ein variert bruksstruktur, store tap for enkeltprodusentar og manglande føreseielegheit og fjerning av målpris på svin. Men det handlar mest om inntektsmålet, sa leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes då næringskomiteen på Stortinget inviterte til høyring om jordbruksoppgjeret i dag.

Må gje minst kronemessig lik

- Tilbodet de har fått lagt føre frå regjeringa er ikkje i tråd med den politikken de vedtok ti dagar før tilbodet vart lagt fram. For å få eit tilbod i tråd med Stortingets inntektsmål, må avtalen gje minst kronemessig like inntektsutvikling som andre.

Det er Stortinget som vedtar jordbruksavtalen kvart år, og i år er det staten sitt tilbod som blir oversendt Stortinget for vedtak, i og med at jordbruket braut forhandlingane i år. Mykje av usemja i årets jordbruksoppgjer har stått om tolkinga av den nye landbrukspolitikken Stortinget vedtok 25. april, og då særleg tolkinga av inntektsmålet. I Stortingets vedtak heiter det at «For å sikre rekruttering, og for å løfte inntektsmulighetene i næringen, mener komiteen at inntektsmålet skal være å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. God markedstilpasning og produktivitetsutvikling vil være en forutsetning for inntektsdannelsen.»

Samstemte landbruksorganisasjonar

- Årets jordbruksoppgjer er særleg viktig fordi det er første gong det vedtatte inntektsmålet skal operasjonaliserast.   Statens tilbod aukar inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Vi meiner at gapet som skal tettast, er eit gap som målast i kroner og som skal tettast med kroner, sa Lars Petter Bartnes under høyringa.

- Stortinget grunngir blant anna inntektsmålet med å sikre rekrutteringa. Jo nærmare inntekta til bonden er resten av samfunnet, målt i kroner, jo meir interessant er det å bli bonde, understreka Bartnes.  

Dei andre landbruksorganisasjonane og samvirka var også til stades i dagens høyring, og den gjennomgåande bodskapen i høyringsinnspela var at inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper må reduserast, at vi må behalde målpris på svin og opplysningskontora. Mange var også til stades på høyringa for å snakke om dei negative effektane av regjeringas forslag om å fjerne tilskotet til potetsprit, altså akevitt.

Støtte frå LO

- Det er ikkje vanleg at LO eller NNN, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund går på høyring om jordbruksoppgjeret, men denne gongen er det fleire grunnar til å gjere det. Vi er avhengig av jordbruket for å oppretthalde arbeidsplassane i matindustrien, og vi fryktar konsekvensane av å fjerne tilskotet til potetsprit. Norskprodusert sprit vil tape for importsprit og det vil gå utover arbeidsplassane, sa Lars Iver Wiig frå NNN på høyringa.

Presistert standpunkt beitetilskot

I høyringsuttalen til næringskomiteen la Norges Bondelag fram eit forslag som var tenkt å skulle forbetre statens tilbod, for å minske omfordelingseffektane. Forslaget gjekk ut på å auke husdyrtilskotet for å kompensere for bortfall av beitetilskot.

Forhandlingsutvalet til Norges Bondelag gjorde fredag ei ny vurdering av dette, med bakgrunn i reaksjonane som har komme på forslaget. Vi har meddelt næringskomiteen at vi går tilbake til posisjonen i jordbrukets krav, dvs at vi beheld det generelle beitetilskotet og styrkar utmarksbeitetilskotet. Det forslaget gir ingen omfordelingseffektar.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Torsdag
31
Mai

Hvordan og hvorfor innføre biodiesel i norsk landbruk?

Park Inn Hotell, Gardermoen
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel
Tirsdag
05
Juni

Styremøte og Representantskapsmøte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere