Det set vi stor pris på og vi håpar det tettpakka programmet gjev rom for refleksjonar og vidare dialog kring løysingar utover våren. 

Med stengde vegar i Hardanger og stengd E16 mellom Bergen og Voss vart det rigga teams møte slik at  mellom andre 2. nestleiar i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit kunne følgje innleiingane frå PC-en heime. 

Både Widerøe og bilen frå Møre og Romsdal var i rute, slik at 1. nestleiar Egil Chr. Hoen og styremedlem Konrad Kongshaug kom trygt fram. - Må innrømme at eg pusta letta ut når flya til Widerøe synte seg å ikkje bry seg så mykje om ruskeveret, smiler Gry Ingvild.

Grøntutvalet for Vestlandet var tilretteleggar og arrangør

Vestland Bondelag og Møre og Romsdal Bondelag har oppretta eit felles grøntutval med føremål å kunne jobbe endå meir målretta for grøntnæringa i distriktet.  Det var det felles Grøntutvalet som hadde førebudd programmet for dagane og gjennomføringa.  I utvalet sit Kari Sigrun Lysne som leiar, Audun Skjervøy er nestleiar, styremedlemene er Knut Byrkjenes Hauso, Øyvind Brende og Jørn Erik Toppe. 

Gjennom dei to dagane var møta mellom menneske mange. Dei dyktige innleiarane klarte å setje fokus på ulike sider ved grøntnæringa med vekt på grønsaker, potet og bær i denne runden.  Innleiingane skapte kunnskap som gav gode dialogar kring struktur, produksjonsfordeling, marknad og økonomi.

HER finn du programmet for dei to dagane i Lærdal og Sogndal.  På slutten av den andre dagen vart det også høve til eit gardsbesøk og eit ordførarbesøk i Luster.

Tema vert følgde opp i innspel til Jordbruksforhandlingane.  Fristen for å sende fylka sin innspel til det sentrale grøntutvalet allereie er den 12. februar.

Nokon bilete frå dei to dagane i Sogn

F.v. Egil Chr. Hoen, Konrad Kongshaug, Audun Skjervøy, Gry Ingvild Agjeld, Olav Håkon Ulfsnes og Kari Sigrun Lysne

Lunsj på Sognasmak sidan møte i styrerommet. Dei 4 som var hindra av stengde vegar møtte resten med store smil då dei dukka opp i styrerommet.

Synnøve Vonen Kvaal frå Statsforvaltaren i Vestland held full kontroll på statistikken saman med nestleiar i grøntutvalet Audun Skjervøy.

Lagertilskot, lagerdrift, lagerkostnader, produsenteigd, marknadsmoglegheiter og kostnadsvekst var nokon av stikkorda når dagleg leiar i Sogn Frukt og Grønt Inghild Lysne Sanden (t.v.) og dagleg leiar i Innvik Fruktlager; Anita Roset hadde sine innleiingar.

Runde i pakkeriet på Håbakken

Hurra for generasjonsskifte og satsingsvilje.  Det var ein imponert gjeng som lytta når Sigrid Ølmheim fortalde om hennar og sambuaren si satsing på Ølmheim i Sogndal.  Respekt :)

Blide karar frå Møre og Romsdal fann også fram til slutt f.v. Konrad Kongshaug, Øyvind Brende, Olav Håkon Ulfsnes og Audun Skjervøy.

Arrondering, fornying av hagane, mekanisering, plukkeplattform, konsumeple, siderproduksjon, investeringslyst, nye tankar, kunst og samarbeid for å nemne nokon stikkord frå besøket på Ølmheim.

Siste stopp med alle samla var på Njøs Frukt og bærsenter.  Tema var bær med vekt på industribær.   Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes ynskte velkomen.  Sidan vart det innlegg på tema sortsutvikling, statistikk, økonomi, marknad, økonomien i industribær kontra konsumbær.  Konstruktiv dialog i etterkant mellom industrien representert ved Lerum, dyrkarar, forskarar og tillitsvalde.

Snartur innom Luster

Medan dei andre deltakarane drog kvar til sitt tok fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld med seg Egil Chr. Hoen og Synnøve Vonen Kvaal frå Statsforvaltaren på ein tur til Luster.  Der stilte leiar i Luster Bondelag Claus Rumohr Moe opp til ein prat i tunet og ein omvising i fjøset på sparket.  Tusen takk.  Med ordførar og tidlegare lokallagsleiar Andreas W. Wiese var det gjort avtale på førehand.  

Claus Rumohr Moe kunne vise oss ein lys og triveleg fjøs der både dyra og bonden såg ut til å ha det svært godt.

Klar for eit besøk hos ordføraren i ein kommune rik på verdifulle naturressursar. 

Rolla som ordførar kler du godt Andreas W. Wiese.  Den tilmålte timen vart brukt til å kome innom naturskade, rovvilt og ikkje minst geita sin situasjon.   Egil fekk med tydelege ynskjer for korleis til dømes økonomien i geitehaldet kan betrast. 

Tusen takk til alle som bidrog på ulike vis til to innhaldsrike dagar.