Nordiske bønder diskuterer klima, handel og antibiotika

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

Nordiske bondeleiarar diskuterte nyleg klima på Island.

Klima, handel og antibiotika var tema som var oppe til diskusjon då bondeleiarar frå dei nordiske landa nyleg møttest til sitt årlege møte i Reykjavik. Forventingane på klima er store i alle land, men berre Noreg har konkrete krav om kutt.

Kommunikasjon og omdømmet til bøndene sto sentralt i diskusjonen. Den politiske diskusjonen rundt kjøt og klima er sentralt i alle dei nordiske landa. Kommunikasjonssjef Christian Hüttemeier i det danske bondelaget, Landbrug og Fødevarer hadde klare råd til bondeorganisasjonane då han innleidde på det årlege nordiske bondeleiarmøtet i Reykjavik nyleg.

– Bruk meir følelsar i kommunikasjonen. Sjå på Trump: Han lyg, han er frekk og han eig ikkje skam. Han spelar på følelsar. Vi skal sjølvsagt ikkje lyge, men vi må lære av korleis han presenterer si historie slik at folk høyrer etter, sa Hüttemeier.

Landbrug og Fødevarer meiner dei lukkast godt med å unngå negativ omtale av landbruket i sist valkamp. Dei har lagt mykje ressursar inn i sin kommunikasjon om klima og landbruk, og trekt dette inn som ein topp prioritet siste åra.

- Medlemmene våre har bedt oss om å vere meir på bana i klimasaka, sa leiar Martin Merrild i Landbrug og Fødevarer, som meiner dei kom seint med godt inn i debatten.

Ingen klimakrav i dei andre nordiske landa

Dei danske bøndene har ein ambisjon om at landbruket skal bli klimanøytralt innan 2050. - Løysinga er å produsere meir med mindre. Å utvikle nye metodar for å sikre at matproduksjonen gir eit lite fotavtrykk. Danmark har alle føresetnader for å leie vegen mot klimanøytral matproduksjon, skriv Landbrug og Fødevarer i sin kommunikasjon om temaet.

Landbrug og Fødevarer meiner forventingane er høge, men har førebels ikkje konkrete krav til reduksjonar av klimagassar. Dette såg ut til å vere gjennomgåande for alle dei nordiske organisasjonane, men unntak av Noreg, der landbruket nyleg har inngått ei forpliktande avtale om reduksjon av klimagassar. Nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag presenterte den norske klima-avtala.

- Det er jo litt spesielt at berre vi ser ut til å ha konkrete krav om reduksjon i Norden. Dei andre har forventingar og ambisjonar, men ikkje kuttkrav som oss. Det set oss i ein krevande situasjon, seier Bjørn Gimming.

Lars Petter Bartnes, Gudni Johannesson og Bjørn Gimming.

EU-bøndene kritiske til Mercosur-avtale

Den nyleg inngåtte avtala mellom den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur og EU var også tema på møtet. EU-bøndene er kritiske til avtala som m.a. ga Mercosur auka marknadstilgang for storfekjøt på 99 000 tonn og kyllingkvote på 180 000 tonn.

- EUs bondeorganisasjonar meiner avtala er ublansert i Mercosurs favør og at ostekvoten inn til Mercosur er liten samanlikna med kjøtkvoten dei får inn til EU. Avtala respekterer kanskje den europeiske konsumenten, men ikkje produsenten, sa Christian Furustam frå den svenske bondelaget LRF.

- Kommisjonen må lære seg å skilje på standardar for å verne om forbrukarane og produksjonsstandardar og vere ærlege på det, sa Furustam.

No blir det planlagt underskriftskampanje og demonstrasjonar mot avtala. Fleire land har også signalisert at dei ikkje vil underteikne avtala.

Viste norsk arbeid for redusert antibiotikabruk

Antibiotikaresistens sto også på dagsordenen, og Synnøve Vatn frå Animalia fortalde om korleis Noreg hadde jobba over lenger tid med å få ned bruken av antibiotika. Ho viste til det viktige samarbeidet mellom styresmakter og næringa, og måten ein t.d. hadde klart å redusere bruken av antibiotika til mastitt.

- Det viktigaste er å ivareta og betre dyrehelsa. Vi må bruke dyrehelseportalen med dokumentasjon og tilbakemeldingar, vere gode på smittevern på garden og nasjonalt og gi rett behandling av dyra, sa Vatn.

Innlegget vakte stor interesse hjå dei andre nordiske landa, som også har temaet høgt på dagsordenen.

Under møtet var det eit eige seminar organisert av dei unge bøndene, der rekruttering og verkemiddel for å få unge inn i næringa stod sentralt. Bjørn Gimming fortalde om dei norske støtteordningane og korleis dei skilde seg frå EU.

- Dette er jo bra, men vi kan ikkje alle flytte til Noreg, avslutta leiaren i svenske LRF ungdommen.

Både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke deltok på møtet som var organisert av Nordiske Bønders Centralforbund (NBC). Neste år skal møtet arrangerast i Noreg.

Fakta og følelser om rovdyr

Syns du rovdyrsituasjonen kan være en kompleks og forvirrende sak? Vi har snakket med Erling-Aas eng, rovdyransvarlig i Norges Bondelag for å få litt mer oversikt.

Pelsdyr: Får full erstatning

Norges Bondelag og flere andre har arbeidet intenst for å få regjeringen til å skifte mening så de berørte bøndene skal få en rettferdig erstatning. Tirsdag kom avgjørelsen.

Viktig med riktige kutt for norsk jordbruk

-Vi skal kutte utslipp og tar oppgaven på alvor. Samtidig er jeg bekymret for konsekvensene de foreslåtte kuttene kan få, ikke bare for jordbruket, men for landet vårt, sier Lars Petter Bartnes, leder i Norges Bondelag.

Valgnemnda er i gang

Styreleder og 2. nestleder i styret til Norges Bondelag stiller seg ikke til disposisjon for en ny periode. Valgnemnda jobber med å finne gode kandidater til styret.

Ulveavgjørelsen må ankes

I dag kom dommen fra Borgarting Lagmannsrett i saken der WWF gikk til sak mot staten fordi de mener norsk ulveforvaltning er ulovlig. Lagmannsretten kom til at vedtak om uttak av streifulv var gyldig. Lisensfellingsvedtaket på Osdalen og Julussa var derimot ugyldig.

Hvordan vil Arbeiderpartiet utvikle norsk landbruk?

Norges største parti har markert seg stadig tydeligere i norsk landbrukspolitikk. Denne uka spør vi nestleder i partiet og melkebonde Bjørnar Skjæran om hvordan Arbeiderpartiet vil utvikle norsk landbruk.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
04
mars

AU-møte

Landbrukets hus
Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane

Skei Hotell
Fredag
06
mars

Fylkesårsmøte i Møre og Romsdal

Våre samarbeidspartnere