Medlemsmassen i WFO spenner frå eksportlanda Australia og New Zealand til importlanda Sveits og Noreg, så det var ikkje lett å finne balansen i eit felles politikkdokument om handel. Men etter diskusjonar på overtid fann ein fram til felles kompromiss.

Dokumentet hadde sjølvsagt blitt annleis om Noreg hadde fått bestemt åleine, men eg synest vi nådde eit kompromiss vi kan leve med til slutt.

Egil Chr. Hoen, nestleder i Norges Bondelag

Rom for nasjonal produksjon

I dokumentet blir dei positive effektane av handel framheva, men samtidig at det må vere rom for å oppretthalde ein nasjonal produksjon i alle land. Det står mellom anna at ein må sørge for betre marknadstilgang, men ta omsyn til lokale forhold. Det står også at ein må regulere handelsforstyrrande støtte, men lagt til at dette gjeld støtte som rammar negativt andre marknader. Det skal no opprettast ei permanent arbeidsgruppe for handelsspørsmål i WFO.

Handel og berekraft var også eit tema for ein av paneldebattane under generalforsamlinga, der mellom anna Verdas Handelsorganisasjon (WTO) deltok. Norges Bondelag heldt innlegg frå salen om kor viktig støtte til bøndene er for å gjere dei i stand til å produsere enno meir berekraftig. Dette kom som eit tilsvar på WTOs representant som meinte handelsforstyrrande støtte var skadeleg for naturen.

- Det er skremmande at WTO har eit så snevert syn på landbruksstøtte. Vi er jo heilt avhengige av støtte, også handelsforstyrrande, for å kunne produsere den kanskje mest naturvenleg og berekraftige maten i verda. Det hjelper ingen om vi legg ned i Noreg og importerer mindre berekraftig mat frå andre land, seier Hoen, som ei kommentar til debatten.

Kritisk til lab-kjøt

Det vart også vedteke to andre resolusjonar: Ein uttale som er kritisk til å erstatte mat produsert av bonden med laboratorie-framstilt kjøt og til sterkare maktkonsentrasjon i verdikjeda for mat kan du lese her, og ein uttale du kan lese her om moglegheitene og risikoane for bonden som ligg i karbonmarknader. WFO vedtok også å styrke arbeidet med unge bønder.

Det var også ein diskusjon om husdyrproduksjon og berekraft. Der var det stor semje mellom bøndene om kor sentral husdyrproduksjonen er. FNs matorgan FAO presenterte sin rapport om kor viktig animalske produkt er for ein god diett. Direktøren for husdyrproduksjon og helse i FAO, Thanawat Tiensin brukte som døme på kor viktig husdyrproduksjonen er sin tur til Noreg der han hadde lært at vi hadde beiteområde som ikkje kan brukast til andre formål.

Digitalisering og eigarskap til eigne data var også eit tema, der m.a. USAs bønder åtvara mot å gi ifrå seg eigarskapen.

På generalforsamling som blir arrangert kvart år, deltok i år rundt 350 delegatar og gjester frå ca 70 land. Frå Noreg deltok både Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke, som begge er medlemmer i WFO. Den norske ambassadøren til Sør-Afrika deltok også som observatør på møtet.

- WFOs generalforsamling er ein viktig møteplass for verdas bønder. Her kan vi utveksle erfaringar og knytte nye kontaktar, i tillegg til å utforme felles politikk, seier Egil Chr Hoen.

Sjå meir om WFO her: https://www.wfo-oma.org/