- Det som gjenstår å forhandle om er ikkje noko som lett kan handterast av ministrane på Bali. Sjølv om vi kan peike ut landingssoner i dei fleste gjenverande sakene, er usemjene for mange og for tekniske, sa ein skuffa WTO-generaldirektør til Hovudrådet.

Samde om ei pakke?

Ikkje sidan 2005 har ein ifølgje generaldirektør Roberto Azevedo vore så nær å bli samde om ein pakke. Han tok over sjefsstolen i september i år, og sidan då har det vore intense forhandlingar. Papira som no låg på bordet dreia seg ikkje om konkrete reduksjonar av toll og støtte, men var viktige for å få prosessen i gang igjen etter mange år med stillstand.

Tekstforslag

Kristin Ianssen deltek i den offisielle norske delegasjonen med mellom andre NHO, LO, FHL (fisk- og havbruksnæringa) og Forum for utvikling og miljø.På landbruksområdet ligg det føre tekstforslag på eksportstøtte, tollkvoteadministrering og støtte til oppbygging av matvarelager i u-landa. Forslaget på eksportstøtte dreier seg ikkje om konkrete plikter om reduksjon, men ei uforpliktande erklæring om at ein på sikt skal fjerne eksportstøtta. Tollkvoteadministrering dreier seg om tilrettelegging for bruk av eksisterande importkvotar. Når det gjeld støtte til oppbygging av matvarelager i u-landa, har diskusjonane gått høgt om innføring av ein fredsklausul på fire år. Den skal hindre at u-land som overskrid sitt lovlege støttenivå blir klaga inn til WTOs paneldomstol. 

Handel innafor eksisterande tollregime

I tillegg blir det diskutert tekstar retta spesielt mot u-land og ein tekst om handelsfasilitering, altså betre teknisk tilrettelegging for handel innanfor eksisterande tollregime.

Norges Bondelag på plass

3.-6.desember møtest ministrane frå WTOs medlemsland på Bali. Det er venta at fleire tusen personar frå frivillige organisasjonar og næringsliv følgjer forhandlingane på Bali. Frå Norges Bondelag deltek nestleiar Kristin Ianssen og seniorrådgjevar Hildegunn Gjengedal. Kristin Ianssen deltek i den offisielle norske delegasjonen med mellom andre NHO,LO, FHL (fisk- og havbruksnæringa) og Forum for utvikling og miljø. Det vil parallelt med forhandlingane vere fleire møte mellom bondeorganisasjonar frå ulike land, mellom anna arrangert av World Farmers Organisation.