Fryktar lågare matstandardar

Av Hildegunn Gjengedal,
  • Tips en venn om denne siden

EU-bønder og forbrukarar fryktar lågare standardar for mattryggleik som følgje av ei ny handelsavtale mellom EU og USA. Det kan også få konsekvensar for Noreg.

- EU må ha eit breiare perspektiv enn reine marknadsvurderingar når dei forhandlar med USA om ny handelsavtale. Ein må mellom anna ta omsyn til landbruket si vidare rolle for bygdene. Ein må også ta omsyn til forbrukarane sitt syn på til dømes GMO og hormonbruk.

Det sa generalsekretær Pekka Pesonen i COPA-COGECA (EU-bøndene og samvirka sin organisasjon) i ei offentleg høyring i EU-parlamentet. Høyringa var initiert av COPA-COGECA og FoodDrinkEurope (tilsvarande NHO Mat og Drikke).

Standardisering av regelverk viktigast

EU og USA nærmar seg fjerde forhandlingsrunde om ei handels- og investeringsavtale (TTIP). Om dei lukkast kan dette bli verdas viktigaste bilaterale handelsavtale. EU og USA utgjer til saman 40% av den globale økonomien, og det bilaterale økonomiske forholdet mellom dei to er allereie verdas største.

Sidan tollen mellom dei to blokkene allereie er forholdsvis låg, vil viktigaste utfallet av avtala vere standardisering eller gjensidig godkjenning av regelverk .  På landbruksområdet dreier dette seg til dømes om krav til mattryggeik. Mest uro hjå bønder og forbrukarar i EU skapar USAs bruk av GMO (genmodifiserte organismar) og veksthormon .  Klorhandsaming av kylling i USA er også eit heitt tema.

Fordi EU-USA-marknaden er så stor, vil harmonisering av regelverk mellom dei to kunne ha innverknad på regelverk globalt. Avtala kan også få innverknad på norsk landbruk, sidan mattryggleik og veterinært regelverk er regulert gjennom EØS-avtala. Indirekte vil avtala også kunne få konsekvensar for Noreg gjennom at EFTA, i kjølvatnet av EU-USA-avtala, vurderer å starte forhandlingar med USA om ei eiga handelsavtale.

Kontroll og merking utfordring

Trass i at EU lovar kvar EU-familie eit overskot på 545 euro i året som følgje av avtala, var den frammøtte forbrukarorganisasjonen BEUC urolege over den nye avtala. Særleg gjaldt uroa  lågare standardar og manglande merking.

- Korleis vil EU-forbrukaren kunne velje GMO-fritt viss importerte varer frå USA ikkje er merka, spurde generaldirektør Monique Goyens i BEUC. Ho frykta eit ras mot botnen på standardar.

- Vi kan ikkje kompromisse på standardar. Europa er det tryggaste matområdet i verda. Mange forbrukarar i USA er misunnelege på oss, så det handlar ikkje om ulike kulturar. Men korleis skal vi klare å oppretthalde standardar gjennom desse forhandlingane, sa Goyens, som trudde den amerikanske administrasjonen vil kjempe imot høgare standardar.

Kommisjonens sjefsforhandlar, Ignacio Garcia Bercero forsikra forsamlinga om at EU ikkje ville bøye av på GMO og hormonhandsaming av kjøt, men ikkje alle var overtydde. Leiar Tavares for svineprodusentane i COPA-COGECA lurte på korleis var spesielt uroa over USAs bruk av tilsetting av fôrtilsetjinga Ractopamin, brukt mellom anna i svin for å betre kjøtkvaliteten. Stoffet er forbode i EU.

- Det viser ikkje igjen i kjøtet om ein brukar Ractopamin. Korleis skal de kontrollere bruken , spurde Tavares utan å få eit klart svar.

Handelshinder inn til USA

Men EU-bøndene og matindustrien i EU ynskjer samtidig å fjerne eller harmonisere krav USA stiller til dømes til upastaurisert mjølk frå EU. Dei meiner også USA har eit unødvendig byråkrati for import av landbruksvarer. COPA-COGECA og FoodDrinkEurope har saman laga ein lang kravliste der dei peikar på handelshinder for EUs matvarer inn til USA. USA er største eksportmarknaden for bearbeidd mat og drikke frå EU, og den nest største eksportmarknaden for EUs landbruksråvarer (4,4 milliardar euro/år).

Neste forhandlingsmøte mellom EU og USA er i mars.

- Då byrjar det bli vanskeleg, for då skal vi dukke ned i detaljane, sa EUs sjefsforhandlar Ignacio Garcia Bercero. Planen er å vere ferdig i 2015, men det er høgst usikkert om dette let seg gjere.

- Eit godt resultat må vere viktigare enn tempoet, sa Mella Frewen, generaldirektør i FoodDrinkEurope.

Landbrukets klimaplan

Her har vi samlet alle våre saker om Landbrukets klimaplan. Følg med for praktiske eksempler og oppdateringer.

Lars Petter Bartnes på representantskapsmøte

Ønsker forenklede forhandlinger

Etter dagens møte i representantskapet i Norges Bondelag, er målet å gjennomføre jordbruksforhandlinger i vår for å få på plass rammene for matproduksjonen framover.

I dag blir landbrukets klimaplan overlevert

Landbrukets klimaplan er oppe til vedtak i et samlet landbruk i dag, og deretter overrakt i et videomøte mellom statsrådene Bollestad og Rotevatn i regjeringskvartalet, og bondelagsleder Lars Petter Bartnes fra Trøndelag.

Kan levere mer melk

Melkekvotene for kumelk øker med fem prosentpoeng for å demme opp for usikkerhet i markedet.

Årsmøtet i Norges Bondelag er utsatt

Styret har vedtatt å utsette representantskapsmøtet og årsmøtet 9.-11. juni. Så snart situasjonen tilsier det, vil det bli vurdert en nytt tidspunkt for gjennomføring av årsmøtet i 2020.

Ny ordning kan gi mer arbeidskraft i landbruket

Regjeringa innfører en ordning som gjør det mer gunstig for permitterte å ta seg jobb i landbruket. – Løsningen kan bidra til at flere ønsker å ta seg arbeid i landbruket, sier Bartnes.

Bondelaget vil bidra til trygg forsyning av mat

- Stortinget har slått fast hvor viktig matforsyningen er for samfunnet. Vi vil samarbeide for å sikre trygg forsyning av mat i den usikre situasjonen vi er i, sier bondelagsleder Bartnes.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
april

Kornkonferansen 2021

Oslo Kongressenter, Youngs gate 21, Oslo
Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere