Fleire besetningar kan vere smitta

Av Inger Johanne Sæterbakk,
  • Tips en venn om denne siden

Det er mistanke om LA-MRSA-smitte i tre nye svinebesetningar.

Gris. IllustrasjonsbildeOnsdag denne veka vart det bekrefta at ei svinebesetning i Nord-Trøndelag var smitta av antibiotikaresistente gule stafylokokkar LA-MRSA. Det vart då tatt kontrollprøver av 16 andre besetningar som har vore i kontakt med den smitta besetninga. Dei første resultata av desse prøvene er klare, og viser at det er mistanke om smitte i tre av besetningane.

Det har no blitt tatt kontrollprøver av desse tre besetningane, og desse prøvene blir analysert av St. Olavs hospital i Trondheim. Alle tre besetningane høyrer heime i Nord-Trøndelag. Det er også kartlagt sju kontaktbesetningar til desse, og dei blir no prøvetatt og pålagt restriksjonar. Det betyr at det ikkje er lov til å føre dyr inn og ut av besetninga.

22 dyrehald pålagt restriksjonar

I alt er det no pålagt restriksjonar i 22 kontaktdyrehald. Av kontaktdyrehalda er det to i Troms, eit i Sør-Trøndelag og 19 i Nord-Trøndelag. Mattilsynet er godt i gang med å sikre prøver av desse besetningane. - Vi forventar svar frå Veterinærinstituttet på prøvene i starten av neste veke, seier regiondirektør i Mattilsynet region Midt, Bjørn Røthe Knudtsen i ei pressemelding.

Smittar ikkje gjennom kjøtt

Antibiotikaresistente gule stafylokokkar LA-MRSA hos gris vart påvist første gong i Noreg i 2011. Alle norske svinebesetningar med ti eller fleire purkar vart testa for dette i fjor vår, og berre ei av dei nesten 1000 besetningane var då smitta av LA-MRSA. Tidlegare har det vore påvist i 25 svinebesetningar her til lands etter systematisk prøvetaking. Alle desse besetningar har blitt sanert.

Dyreassosiert MRSA sprer seg mellom besetningar ved flytting av dyr, men kan også bli spredd via personar og forureinsa gjenstandar, inkludert dyrebilar. Smitta kan ikkje spre seg frå dyr til menneske via kjøtt og kjøttprodukt.

Staten vant ulverettsaken

WWF fikk ikke medhold i at lisensjakta på ulv i vinter var ulovlig. – Vi er først og fremst lettet på vegne av folk som lever i områder med ulv og beitenæringen, sier Einar Frogner, rovviltansvarlig i Norges Bondelag. Bondelaget var partshjelp for Staten.

ulv, rovdyr

Advarer mot nedleggelse av rovviltnemnder

Et regjeringsoppnevnt ekspertutvalg anbefaler at dagens rovviltnemnder legges ned og at fylkeskommunen får makta over investeringstilskudd i landbruket. Bondelaget advarer mot forslagene.

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
23
Mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus
Onsdag
23
Mai

Styremøte

Landbrukets hus
Mandag
04
Juni

AU-møte

Scandic Lillehammer Hotel

Våre samarbeidspartnere