Feirar samvirke med eiga matpakke på Dyrsku'n
På Dyrsku’n kan du kjøpe landbrukssamvirket si eiga matpakke til ein rimeleg penge, den såkalla ”Samvirkepakka”.
Jarle Øverland, Dyrsku'n, Amund Johnsrud, Telemark Bondelag og Børge Slettebø, Nortura, prøvesmakar landbrukssamvirkets eiga matpakke, som vert å få kjøpt på Stuten kafé under Dyrsku'n
Matpakka inneheld to dela ”dobbeltdekkarar”: Det eine med Norvegia og skinkepålegg, den andre med Tines smaktilsette Snøfrisk-ost og spekeskinke. Skinke og spekeskinke er Gilde-varer levert av Nortura. Salat og grønt vert levert av Gartnerhallen, og mjølet i brødet kjem frå korn omsett gjennom Felleskjøpet.
Samvirkeorganisasjonane i landbruket tilbyr Dyrsku’publikummet matpakka, for å markere at 2012 er FNs internasjonale samvirkeår . Bakgrunnen for FN si markering er at verdsorganisasjonen meiner samvirkeføretak bidrar til økonomisk og sosial utvikling over heile verda.
Til Dyrsku'n er det venta 80.000 i løpet av dei tre dagane utstillinga varer. Husdyr og landbruk er sentralt i utstillinga, og husdyreigarar frå heile Sør-Norge kjem til Dyrksku'n med dyra i håp om premie med heder og ære. På Sterke Nils-tunet blir det vist gamalt gardsmiljø med ulike dyr og aktivitetar, og her blir det også bryllaup laurdag med låven klar til bryllaupsfest.
Norsk matglede står i fokus på årets utstiling, og eit opprusta Matkvartal freistar med mat frå 60 lokalmatprodusentar. Her finn du programmet for Dyrsku'n 2012.