Kongressen som innleia årsmøtet var i Birmingham 20.-21.februar, og samla heile 1500 deltakarar. Matsikkerheit og britisk mat sto i fokus.

- Dette er signifikant. Med ei slik årleg måling kan vi overvake situasjonen og gjere noko med det om vi har eit problem, sa den avtroppande leiaren i National Farmers`Union (NFU), Minette Batters. Organisasjonen har tidlegare samla inn 45 000 underskrifter i ein offentleg kampanje for å få regjeringa til å sette i verk tiltak for å betre matsikkerheita i Storbritannia. No lova statsministeren ein årleg jord-til-bord-konferanse og årleg matsikkerheitsindeks.

Mykje fokus på matsikkerheit og nasjonal produksjon

- Det var veldig mykje fokus på matsikkerheit og bruk av britiske råvarer. Det er interessant. Det er ikkje berre i Noreg ein er opptekne av å produsere meir mat til eiga befolkning. Mange land er meir uroa over matsikkerheit etter koronaen og Ukraina-krigen, og her i Storbritannia også etter Brexit, seier Hoen.

Sunak trakk også fram dette i si tale: - Globale hendingar, som Russlands invasjon av Ukraina, har sett matsikkerheit på toppen av dagsordenen igjen. Vi vil aldri ta vår matsikkerheit for gitt, sa statsministeren. Han lova også å auke støtta til landbruket som i dag er på 2,4 mrd pund. Sunak vil også innføre reguleringar som sikrar meir rettferdige og transparente kontraktar og meir rettferdige verdikjedar. Særleg miljøtiltak vart sterkt kritisert. Bøndene har opplevde mykje flom i år, og er til dels kritiske til korleis styresmaktene har takla det. Raudt kjøt og berekraft var også tema, og statsministeren kunne forsikre om at han ville halde fram og støtte raudt kjøt.

Kritikk av handelsavtaler og import

Det var fyrste gong sidan 2008 at ein statsminister deltok på årsmøtet i det britiske bondelaget, NFU. Også landbruksministeren og landbruksansvarlege i Labour og Liberal Democrats deltok på møtet. Innan utgangen av året må det skrivast ut nyval, og difor var politikarane spesielt opptekne av å selje seg inn til bøndene. Siste målingane viser at dei konservative frå støtte frå berre 32% av NFU-medlemmene, medan Labour får støtte frå 36% av medlemmene. Dette er ein dramatsik nedgang for dei Konservative, som i 2019 fekk støtte frå 58% av bøndene, mot 20% støtte til Labour.

Også opposisjonspolitikarane trakk fram matsikkerheit og bruk av britiske varer. Mange var også kritiske til regjeringa si liberalisering av handel, med inngåing av handelsavtale med New Zealand og Australia som eit kritisk døme.

- Eg er ein frihandelsentusiast, men avtalene må vere rettferdige, sa Tim Farron frå Liberaldemokraten. Representanten frå Labour, Daniel Zeichner, lova å redusere import som undergrev britiske bønder. Det britiske bondelaget har tidlegare samla inn 1 million underskrifter for å få på plass lovverk som hindrar import av mat som har blitt produsert på måtar som er ulovlege i Storbritannia. Statsministeren har også uttalt at han ikkje vil importere hormonbiff og klorkylling.

Sterk støtte til landbruket

Det vart også lagt fram ei spørjeundersøking som viser at britisk landbruk har eksepsjonelt sterk støtte i folket.

- Mat som tema forbinder veljarane med hjartet og hovudet på ein måte mange andre politikkområdet ikkje gjer. Britisk mat, mat produsert i dette landet heller enn importert frå andre land. Alle som vil bli statsminister eller landbruksminister må ha dette i bakhovudet, sa Joe Twyman frå opinionsselskapet Deltapoll.

- Eg trur ikkje det er så stor skilnad frå Noreg på dette punktet. Også norske forbrukarar vil ha norsk mat og det må politikarane ta med seg inn i framtidige valkampar, seier Hoen, som også meiner norske politikarar kan merke seg den kritiske haldninga til import som undergrev nasjonal matproduksjon.

Miljø- og berekraft sto også på dagsordenen, og leiaren for det britiske miljødirektoratet fekk kritikk for miljøkrav og for mangelfulle tiltak i flomutsette område.

Tom Bradshaw vart vald til ny leiar for dei 46 000 medlemmene i NFU. Les meir om det britiske årsmøtet og NFU ved å klikke HER.