Bondetinget: - God dyrevelferd viktig for tilliten
- God dyrevelferd er avgjerande for tilliten til norsk mat. Sjølv er vi både gode og dårlege for tida, sa Lars Petter Bartnes då han talte til årsmøtet til Norges Bondelag i dag.
Årsmøtet til Norges Bondelag opna i dag på Lillehammer. I talen sin til Bondetinget snakka leiar Lars Petter Bartnes mellom anna om kor viktig det er å jobbe med dyrevelferd i alle ledd av næringa.
- Tilsynskampanjen til Mattilsynet i Rogaland har avdekka problem med dårleg dyrevelferd hos slaktegris. Regelverket for svinehald er godt, og vi må sørgje for at det blir følgd. Det handlar om haldningar og praksis, sa Bartnes.
Vil utvide dyrevelferdsprogram
Leiaren i Norges Bondelag uttrykte optimisme for det arbeidet som er sett i gang av næringa, med eit eige dyrevelferdsprogram for svin.
- Eg har stor tru på at Dyrevelferdsprogrammet for slaktegris som næringa har sett i gang, vil gje resultat, sa Bartnes, som også tok til orde for å utvide ordninga.
- Det er etablert dyrevelferdsprogram på kylling, og det kan vere riktig å få det på fleire dyreslag.
Heile verdikjeda må ta ansvar
Han oppmoda heile verdikjeda til å ta meir ansvar for å betre dyrevelferden.
- Bonden må få betre system og rutinar, slik at dyra har det bra. Vi som organisasjon må jobbe med haldningar og politikkk, og slakteria og varemottaka må ta ansvar gjennom krav til bonden og rådgjeving. I tillegg er det viktig med eit godt samarbeid med Mattilsynet. Vi må finne gode måtar å samhandle på, understreka Lars Petter Bartnes i talen til årsmøtet.
Landbruk er eit verdival
Han sa at dyrevelferd er ein av dei tre forholda folk er mest opptatt av ved det norske landbruket. Han trekte også fram trygg mat og busetting i heile landet som viktige verdiar ved landbruket i Noreg.
- Landbruk er eit verdival. Næringa sin samfunnkontrakt inneber å sikre at maten er trygg, at vi sikrar dyrehelse og dyrevelferd, at landet har god mattryggleik, at vi bidrar til å minsek klimauttrykket frå næringa, og vi bidrar til busetting og levande bygder, sa Lars Petter Bartnes til dei rundt 300 utsendingane og gjestane i salen.