Velkomen til samling for unge bønder
Bondelaget, Nortura, Tine, Felleskjøpet og Fylkesmannen inviterer til Samling for unge bønder 2. og 3. februar 2018. Overnatting på Stranda Hotell og middag inkludert gondoltur til Paviljong Roalden, Strandafjellet. Gardsbesøk i Ørskog, Stordal og Sykkylven.
Målet med samlinga er å bygge nettverk både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa, i kombinasjon med formidling av nyttig kunnskap om næringa og det å vera bonde.
Kostnader:
Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.
Påmelding:
Påmelding med opplysningar om navn, e-postadr og mobilnr innan fredag 19. januar 2018 til more.romsdal@bondelaget.no - tlf 41 41 88 71.
Meld frå om stad for påstigning ved påmelding.
Program: (i PDF – klikk her)
Fredag 2. februar:
10.00: Frammøte og parkering, Felleskjøpet Agri, Molde.
10.30: Bussavgang Felleskjøpet Agri.
10.45: Ferje frå Molde.
11.25: Buss avgang Vestnes ferjekai.
11.50: Enkel lunsj, Systra kafe, Sjøholt.
13.00: Avreise Sjøholt.
Gardsbesøk/befaringar:
Ørskog samdrift, v/Eli Sjåstad: Eli er driftsleiar i samdrifta og har erfaringar og synspunkt knytt til gardsdrift, mosjonskrav/dyrevelferd, landbrukspolitikk og sosiale forhold i landbruket.
Johan Øvrebust, Stordal: Johan driv med sau, har nyare fjøs med plass til 300 dyr. I tillegg til at han også driv med fjordfe.
15.30: Ferje Liabygda – Stranda.
16.00: Ankomst Stranda Hotel. Enkel servering.
16.30: Samling, presentasjon, orientering.
17.00: «Frå toppfotball til geit og turisme» v/bonde Petter Melchior, Norddal. Petter bur i bygda Norddal, inst i Storfjorden. Han har fortid som ein særs aktiv fotballspelar og driv i dag med geit og turisme, samt at han er styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.
18.15: Avreise med buss til Strandafjellet. Fjord Gondol – Fjord Panorama Restaurant, 1.042 moh.
Ca 19.00: Middag. Lokal buffet i samarbeid med Nortura.
Lørdag 3.februar:
07.30: Frukost.
08.30: «Landbrukssamvirket i ei ny tid». Presentasjonar v/
Arild Grimeland eller Bastian Weiberg – Aurdal, Nortura.
Jenny Helen Velle, fagrådgjevar TINE Rådgjeving Møre og Romsdal.
Dag Arne Helle, regionsjef Felleskjøpet Agri.
10.00: Avreise frå hotellet.
Gardsbesøk/befaringar, Sykkylven:
Kjell Perry Drotninghaug, Velledalen: Kjell Perry driv økologisk og har lausdriftsfjøs frå slutten av 80-talet. Han driv med Vestlandsk fjordfe, har stølsdrift og har prøvd seg både på vidareforedling og lokalt sal.
Bastian Weiberg – Aurdal, Velledalen: Bastian har bygd nytt fjøs i massivtre, driv med mjølkeproduksjon og har arbeid i Felleskjøpet Agri.
12.45: Enkel lunsj, Berlihuset, Sykkylven.
13.45: Avreise.
14.10: Ferje frå Sykkylven.
14.30: Buss avgang Magerholm.
15.05: Buss avgang Sjøholt
15.45: Ferje avgang Vestnes.
16.30: Buss ank Felleskjøpet Agri, Molde.
Siste det vart halde Unge Bønder-samling i Møre og Romsdal, var i januar 2016 med over 40 deltakarar. Klikk her for å sjå omtale og bileter fra samlinga i Averøy/Molde