Maskinøkonomi - temakveld 30. november
Maskinkostnadar er ein av dei største kostnadane i landbruket, og det kan vere pengar å spare ved god maskinøkonomi. Telemark Bondelag v/Bygdevis inviterar til temakveld om maskinøkonomi på Søve, Ulefoss måndag 30. november kl 18.30. Kurslærar er Erik Hørluck Berg, fagsjef Norsk landbruksrådgiving Østafjells.
Tema som blir belyst: Korleis rekne ut kva ei maskin kostar i drift. Finansiering. Leigekjøring. Maskinsamarbeid. m m.
Temakvelden er støtta økonomisk av Telemark fylkeskommune.
Påmelding til Telemark Bondelag innan fredag 27. november, e-post telemark@bondelaget.no eller sms 47618312 (Bergit Li). Enkel servering. Kurspris 300 kr.