Regionmøte om jordbruksoppgjeret 2016
Lokallaga fekk før jul tilsendt studieheftet "Jordbruksoppgjøret 2016 - si din mening". Heftet tek opp tema som ein ventar blir sentrale i årets forhandlingar.Telemark Bondelag inviterar medlemmer og andre interesserte til regionmøte om jordbruksoppgjeret 2016. Det blir møte i Sauherad, Bamble og Vinje. På alle møta er det innleiarar frå Norges Bondelag.
Møteplan:
Onsdag 13. januar – Norsjø hotell, Nordagutuvegen 81, 3812 Akkerhaugen
Innleiar: Anders Huus, seniorrådgjevar, næringspolitisk avdeling, Norges Bondelag
Torsdag 14. januar – Telemark-Svingen (møtelokale i underetasjen), Stokkevannveien 3, 3962 Stathelle
Innleiar: Brita Skallerud, 2. nestleiar, styret Norges Bondelag
Tysdag 19. januar – Heimat / Vinje Kro, Vinjevegen 159, 3890 Vinje
Innleiar: Einar Frogner, styremedlem Norges Bondelag
Alle møta startar kl 19, slutt seinast kl 22. Matpause.
I tillegg til jordbruksoppgjeret 2016 vil innleiarane også orientere om næringspolitisk program og ny jordbruksmelding.
Det er ikkje påmelding til regionmøta. Velkommen!