Forhandlingane pågår framleis
Landbruket og staten forhandlar framleis om ein jordbruksavtale for 2016.
Laurdag morgon starta dei innleiande forhandlingane mellom landbruket og staten om ein jordbruksavtale for 2016.
Det skjedde etter at Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fredag varsla at vi ville gå i forhandlingar.
- Les også: Forhandler om jordbruksavtale
- Vi forventar at regjeringa viser forhandlingsvilje, noko som er heilt avgjerande for å komme fram til ein jordbruksavtale, sa jordbrukets forhandlingsleiar og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes då landbruket gjekk til forhandlingsbordet.
Laurdag morgon starta den innleiande gjennomgangen av landbrukets krav og tilbodet frå staten. Denne gjennomgangen heldt fram på søndag og i dag, måndag.
Forhandlingane held fram tysdag føremiddag. Målet er å bli einige om ein jordbruksavtale før 17. mai.
Landbruket la fram eit krav på 950 millionar kroner til årets jordbruksforhandlingar. Tilbodet frå staten var på 90 millionar kroner, altså mindre enn ein tidel av kravet.
- Les også: Mer matproduksjon på norsk jord
- Les også: Regjeringa tar ikke norsk matproduksjon på alvor!