Temadag Eigarskifte i Molde laurdag 24. oktober
(14.09.2020) Nærmar det seg eigarskifte på garden? Då er temadag om eigarskifte i landbruket laurdag 24. oktober 2020 kl 10.30 – 17.00 på Scandic Hotell Alexandra i Molde eit nyttig kurs å delta på.
Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket.
Planlagt temadag vart utsatt i mars p.g.a. korona. Ut frå dagens koronasituasjon ser vi det mogleg å gjennomføre temadagen. Så er det berre å håpe på ein «normal» haust og ikkje koronanedstengt igjen! Temadagen blir halde i møterom på hotellet i samsvar med smittevernregelverket.
Advokat Ole Houlder Rødstøl er ansvarleg for det faglege innhaldet.
Advokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) er i det daglege partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag i Møre og Romsdal, og arbeider i hovudsak med generasjonsskifte, skatt, odelsrett og rettslege spørsmål knytt til fast eigedom.
Det blir fokus på:
- Familiære og økonomiske utfordringar ved eigarskifte
- Arve- og formuesreglar for sambuarar og ektemakar
- Skatte og avgiftsmessige tilhøve. Organisering av verksemda.
- Odels- og konsesjonsreglar
Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Tid: Laurdag 24. oktober 2020 kl 10.30 – 17.00
Stad: Scandic Hotell Alexandra, Molde
Deltakaravgift kr 600,- som inkluderer lunsj på hotellet. Faktura blir utsendt etterpå.
Hvis antalbegrensning p.g.a. koronasituasjonen, gjeld førstemann til mølla ved påmelding
Påmelding innan fredag 9. oktober til:
Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99
E-post: more.romsdal@bondelaget.no