Klikk på program (over) og omtale for innleiarane (under) for å lese det i PDFHjørundfjorden er vill og vakker. I dei bratte liene har folk livberga seg i uminnelege tider, og det har skapt det verdifulle kulturlandskapet som nyleg fekk status «Utvalgte kulturlandskap». Bevaring krev aktiv bruk, og da trengs det bønder og beitedyr. Korleis stimulerer vi bonden til kulturlandskapspleie?

Dette set Møre og Romsdal Bondelag fokus på når dei arrangerer kulturlandskapskonferanse om verdiar, bruk og endring.

Tid og stad:Sagafjord hotell på Sæbø fredag 27. september Kl. 10:30 – 15:00

Av omsyn til maten ønskjer vi påmelding innan 25. september til Arnar Lyche. Mobil: 41 41 88 71, e-post: arnar.lyche@bondelaget.no

Konferansen er gratis, men alle må betale ein dagpakke (inkludert lunsj) på kr 495 til hotellet.

Program: (PDF - klikk her)

Møteleiar: Rose Bergslid

10.30 – 10.50: Natur, historie og næring, Knut Hustad – bonde og leiar i Hjørundfjord Bondelag

10.50 – 11.10: «Hvorfor er Hjørundfjorden spesielt viktig kulturlandskap?» Siv Aksdal – Møre og Romsdal fylkeskommune

11.10 – 11.40: «Blomster og bier – hvorfor må vi ta vare på kulturlandskapet?» Maja Aarønes – Sabima

11.40 – 12.00: Pause

12.00 – 12.20: Kulturlandskapspleie i praksis, Odd Bjarne Bjørdal – bonde og nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag

12.20 – 13.05: «Tilbakeblikk – en samfunnskritikk», Oskar Puschmann – landskapsgeograf og fotograf – NIBIO

13.05 – 14.00: Lunsj

14.00 – 14.50: «Norske ødegårder – historien om stedene vi forlot», Øystein Morten – forfattar og historikar

14.50 – 15.00: Avslutning og vel heim

 

Litt om foredragshaldarane

Knut Hustad er mjølkeprodusent og sauebonde med fortid som politimann. Knut si store interesse er ski, fjellturar og foto. Han er oppteken av at Hjørundfjorden skal ha eit levande kulturlandskap også i framtida.

Siv Aksdal er utdanna biolog, og har jobba med kulturlandskap i mange år. Ho har vore med i satsinga på «Utvalgte kulturlandskap» frå starten. «Eg har fylgt endringane i kulturlandskapet over tid, og er uroa over nedlegginga av landbruksareal.» Siv er oppteken av tverrfagleg samarbeid, og ho brenn for eit levande kulturlandskap. Siv har hatt gammalnorsk sau på hobbybasis i 20 år.

Maja Stade Aarønæs er naturforvaltar frå Ås som jobbar som politisk rådgjevar og fagansvarleg for kulturlandskap i miljøorganisasjonen Sabima. Sabima jobbar for at det skal lønne seg for bonden å bevare kulturlandskapet slik at det blir ein naturleg del av gardsdrifta. Ho trivst aller best på tur med ski eller sykkel, og har ein draum om å bo i ein vestlandsfjord.

Odd Bjarne Bjørdal er sau- og storfebonde med stort engasjement for kulturlandskapet. Odd Bjarne har sauer på beite både på Skår og Trandal, og sett slik sterkt preg på landskapet i Hjørundfjorden.

Oskar Puschmann har gjort mange refotograferingar basert på eldre landskapsbilete. Han brukar bileta til å formidle endringar som skjer i kulturlandskapet. Han spør seg korleis vi i Europa kan ha råd til å legge så mykje areal brakk? I sommar har han fotografert i Hjørundfjorden.

Øystein Morten er religionshistorikar og forfattar. I 2017 gav han ut boka «Norske ødegårder; historien om stedene vi forlot» i lag med fotograf Pål Hermansen. «Verdsett bondens arbeid» står det på kjøleskapet frå 1970 talet på ein av gardane i boka. Ein enkel kjøkkeninnredning frå same periode står att. Tynne plater i dørene. Nøysemd. Øystein vil med hjelp av fantastiske bilete gje oss eit foredrag om norgeshistoria gjennom gardar som er i ferd med å forsvinne. Kva har vi å lære av desse historiane?