Jordbruksoppgjeret 2018

  • Tips en venn om denne siden

På ettermiddagen 16. mai kom partane til einigheit om ei avtale. Den blei presentert på ei pressekonferanse med landbruks- og matminister Jon Georg Dale, leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes og leiar i Bonde- og småbrukarlaget Merete Furuberg.

Kostnadsvekst og ubalanse i fleire produksjonar prega jordbruksforhandlingane 2018. Etter lange forhandlingar blei det inngått avtale med staten 16. mai.

Dette er jordbruksavtalen for 2019
• 16. mai inngjekk partane avtale med ei økonomisk ramme på kr 1 100 mill.
• Avtalen skulle gi inntektsvekst på kr 11 700 kr per årsverk og inneber ein meir realistisk prising av marknadsinntektene enn i statens tilbod.
• Velferdsordningar i landbruket blei gitt eit løft. Bønder er sikra betre høve til avløysing ved sjukdom og til ferie og fritid.
• Styrking av tilskot til bratt areal.
• Det blei gitt eit særskilt tilskot for små og mellomstore mjølkebruk.
• Auka i botnfrådraget som det låg framlegg om i statens tilbod, blei stoppa. Botnfrådraget sto fast på kr 6 000.
• Alle setrer fekk eit tilskot på kr 50 000.
• Frukt, bær, grønt og korn blei prioriterte produksjonar i dette oppgjeret
• Tilskot til veterinærreiser blei auka med kr 5,3 mill.
• Landbruksdirektoratet fekk i oppdrag å greie ut konsekvensane av å avvikle samordninga av tilskot ved avløysing ved sjukdom, fødsel mv. mot lønnsinntekter, slik at ein likestiller lønnsinntekter med andre næringsinntekter.

Forhandlingane i 2018 var dei første med Venstre i regjering. Med KrF utanfor regjeringskontora, var det framleis ei mindretalsregjering som skulle forhandle og legge fram eit tilbod til jordbruket.  Tal frå Budsjettnemnda for jordbruket som kom før forhandlingane, viste ein inntektsnedgang for bonden frå 2016-2018 på grunn av stor kostnadsvekst
i perioden.

– Ein alvorleg situasjon for bonden og eit krevjande utgangspunkt for jordbruksforhandlingane, sa Lars Petter Bartnes då tala blei kjent. I tillegg var overproduksjon av sau/lam og svin ei sak som prega inngangen til oppgjeret.

Kravet: Landbruket leverer løysningar

– Det skal lønne seg å drive matproduksjon med utgangspunkt i jorda, uansett kor jorda ligg. Vi prioriterer tilskotsordningar som reduserer kostnader, som sikrar bruk av jordressursane, og som investerer i mangfaldet, sa Lars Petter Bartnes då jordbrukets krav blei lagt fram 26. april.

Ramma for kravet var 1830 millionar kroner, der 1415 millionar kroner skulle dekke opp berekna kostnadsvekst.

Fleire av tiltaka i kravet var retta mot små og mellomstore gardar. Jordbruket foreslo eit nytt tilskot målretta mot mjølkebruk med 15-30 kyr og eit driftsvansketilskot for å oppretthalde produksjon på marginale areal. Ei anna prioritering var velferdsordningar.

– I kravet var vi opptatt av å møte utfordringane med inntektsnedgang, kostnadsvekst og overproduksjon. Vi kravde at landbruket måtte få verkemidlar til å gjere jobben med å balansere marknadane. Samstundes ville vi sikre ei inntektsutvikling og løfte små og mellomstore bruk, seier Lars Petter Bartnes.

Tilbodet: Reduserer ikkje inntektsavstanden

Eit spent forhandlingsutval er klare til å presentere jordbrukets krav. Frå venstre: Lars Petter Bartnes, Frøydis Haugen, Bjørn Gimming og Per Skorge.Tilbodet frå staten kom 4. mai. Det hadde ei økonomisk ramme på 1 mrd. kroner, som ville utgjere ein inntektsvekst på 11. 900 kroner pr. årsverk. Dersom ein trakk fra urealistiske marknadsforventingar ville veksten vere omlag 6000 kroner pr. årsverk. 

– Då tilbodet kom, reagerte jordbruket på at det ikkje svarte ut den satsinga vi hadde foreslått for å få alle med vidare i utviklinga av landbruket. Vi treng mangfaldet av gardar. Tilbodet såg utfordringa med kostnadsveksten, men la ikkje opp til å redusere inntektsavstanden mellom jordbruket og andre grupper, understrekar Lars Petter Bartnes.

Avtale: Resultat, trass vanskeleg utgangspunkt

Etter krevjande forhandlingar som strakk seg over ni dagar, inngjekk jordbruket avtale med staten onsdag 16. mai på kvelden.

– Vi har greidd å styrke marknadsbalanseringa ved at regjeringa har gått med på å innføre verkemidlar som forsterkar høvet til å balansere marknaden for sau og svin. Det er svært viktig for næringa på både kort og lang sikt, sa Lars Petter Bartnes i pressemeldinga om avtalen.

Overproduksjon i fleire produksjonar var ei sak gjennom vinteren forut for forhandlingane.

– Det at vi fekk større rom for å balansere marknaden, var sterkt medverkande til at vi kunne inngå jordbruksavtale i 2018, seier Lars Petter Bartnes. Det må vere ein samanheng mellom næringa sitt ansvar for overproduksjon og høvet
for å regulere marknaden. Det bidreg til bondens inntektsutvikling.

I avtalen låg det også inne vesentlege forbetringar til små og mellomstore bruk.

– Eg var nøgd med at det blei eit tilskot til små og mellomstore mjølkebruk og tilskot for bratte jorder. Det blei også ei styrking av velferdsordningane slik jordbruket foreslo. Krevjande forhandlingar ga dessverre ikkje lik inntektsutvikling i kroner som andre grupper. Det var ikkje mogleg i viktige produksjonar på grunn av svake marknadshøve, sa Lars Petter Bartnes.

I 2018, som andre år, dekka mediene jordbruksoppgjeret. Her intervjues leiar Bartnes av P4.

 

Jobb med marknadsordninger i 2018

I jordbruksoppgjeret fekk jordbruket fleire verkemidlar for å betre marknads- og produksjonsbalansen for særleg svin og sau. Det var viktige gjennomslag.

– God marknadsbalanse er avgjerande for økonomien i svine- og saueproduksjonen. Det må leggast til rette for at det blir høve til å ta ut dei prisane som er avtalde i jordbruksavtalen, seier Lars Petter Bartnes.

Gjennom året blei desse verkemidla tatt i bruk for å få betre balansen i marknaden for både svin og sau/lam. I samråd med marknadsaktør blei det oppfordra til frivillig dugnad for å regulere tilførselen av kjøtt til marknaden både for svin og sau/lam. Det ga resultat.

Det vart også utvikla og iverksett ei eiga ordning for å kjøpe ut svineprodusentar frå heile landet. Dette for å sikre redusert produksjon på lengre sikt, og få produksjonen ned til eit nivå som samsvarar meir med etterspørselen i marknaden.

Eit anna grep i jordbruksoppgjeret, var å stramme inn eingongspurkeproduksjonen. Produksjonen fører til at tilførsel av smågris aukar. Landbruksdirektoratet gjekk gjennom ordningane og la fram ein rapport med forslag til løysningar i september. Dette vart så grunnlaget for eit forslag til ei forskrift som vil tre i kraft i løpet av 2019.

Samla jordbruk

Frå jordbruksoppgjeret 2018, trekk også Bartnes fram verdien av eit samla jordbruk.

– I 2018 stod landbruket samla heile vegen inn til ei forhandlingsløysing. Vi såg verdien av eit samla landbruk igjen i forhandlingane om ein ekstraordinær krisepakke som landbruksorganisasjonane hadde med staten i august same år, avsluttar Lars Petter Bartnes.
 

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
januar

Kornkonferansen 2020

Oslo Kongressenter
Tirsdag
04
februar

AU-møte

Landbrukets hus
Onsdag
05
februar

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere