Klimaendringane er til å ta og føle på, og rammar oss i landbruket hardare enn kanskje nokon andre. Likevel er det med stor stoltheit vi ser det gode arbeidet som blir lagt ned i organisasjonen vår, frå lokallag, til fylkeslag og i det sentrale apparatet i Oslo. Då krisa ramma stod vi saman, hjelpte kvarandre og viste at det er samhaldet som gjer oss sterke. Året var prega av politikk frå januar til desember, noko næringa kjente godt på. Venstre kom inn i regjering og fekk gjennomslag for eit forbod av pelsdyrnæringa.
Kostnadsveksten og situasjonen i marknaden var eit krevjande utgangspunkt for jordbruksforhandlingane, og gav lite handlingsrom. Likevel blei det inngått ein avtale, der vi klarte å styrke marknadsordningane gjennom produksjonsregulerande tiltak. Det blei også eit løft til velferdsordningane i landbruket, og vesentlege forbetringar for dei små og mellomstore bruka. Klima er eit tema som tar stadig større plass, både hjå oss, og i medvitet til dei rundt oss.
I 2018 starta vi forhandlingar om ein frivillig klimaavtale med regjeringa, og mesteparten av hausten gjekk med til å samle betre kunnskap. For Bondelaget er det viktig at ein eventuell klimaavtale er kunnskapsbasert og inneheld tiltak som bonden sjølv rår over, og at alle utsleppskutt bonden gjer må telje med, også dei som ikkje blir fanga opp av det offisielle utsleppsrekneskapet