Klimaendringane er til å ta og føle på, og rammar oss i landbruket hardare enn kanskje nokon andre. Likevel er det med stor stoltheit vi ser det gode arbeidet som blir lagt ned i organisasjonen vår, frå lokallag, til fylkeslag og i det sentrale apparatet i Oslo. Då krisa ramma stod vi saman, hjelpte kvarandre og viste at det er samhaldet som gjer oss sterke. Året var prega  av politikk frå januar til desember, noko næringa kjente godt på. Venstre kom inn i regjering og fekk gjennomslag for eit forbod av pelsdyrnæringa.

Kostnadsveksten og situasjonen i marknaden var eit krevjande utgangspunkt for jordbruksforhandlingane, og gav lite handlingsrom. Likevel blei det inngått ein avtale, der vi klarte å styrke marknadsordningane gjennom produksjonsregulerande tiltak. Det blei også eit løft til velferdsordningane i landbruket, og vesentlege forbetringar for dei små og mellomstore bruka. Klima er eit tema som tar stadig større plass, både hjå oss, og i medvitet til dei rundt oss.

I 2018 starta vi forhandlingar om ein frivillig klimaavtale med regjeringa, og mesteparten av hausten gjekk med til å samle betre kunnskap. For Bondelaget er det viktig at ein eventuell klimaavtale er kunnskapsbasert og inneheld tiltak som bonden sjølv rår over, og at alle utsleppskutt bonden gjer må telje med, også dei som ikkje blir fanga opp av det offisielle utsleppsrekneskapet

Bondelaget er for alle bønder og andre som er opptatt av norsk mat.        

Dyrevelferd er noko som angår oss alle. Når det blir avdekka forhold som dei vi har sett i Rogaland i år påverkar det heile næringa. Det er mange flinke svinebønder rundt om i landet som arbeider hardt for at dyra skal ha det bra og vere friske. Vi har vore sterke pådrivarar for utviklinga av eit dyrevelferdsprogram for slaktegris, og meiner at det bør bli utvikla tilsvarande program for alle dyr i norsk husdyrproduksjon. Dyrevelferda skal vere god, og det er det vårt ansvar å sørge for.

Etter eit slikt år som vi har hatt syns eg det er på plass å takke. Eg vil takke heile organisasjonen for den jobben som blir gjort. Fylkeslag, lokallag, dei tillitsvalde og enkeltmedlemmar står på knallhardt kvar einaste dag for å gjere ein forskjell. Dette har stor betydning, og gir oss som organisasjon ein heilt unik styrke og slagkraft. Dette viser att i medlemstala våre som held seg stabilt høgt etter fjorårets rekordår. Open Gard er vår største og viktigaste arena for å bygge kunnskap om livet på garden og korleis maten blir produsert. I år feira arrangementet 30 år, og det med fleire deltakarar enn nokon gong! Dette viser oss at det er stor interesse for norsk landbruk.

Sjølv om det har vore eit tøft og utfordrande år har vi mykje å vere stolte av. Vi har greidd å påverke politikken i positiv retning, til trass for eit vanskeleg utgangspunkt. Krisepakken som blei vedtatt i samband med tørken bidrog med 525 millionar kroner, ein avtale vi til slutt fekk i hamn etter knallhardt arbeid opp mot styresmaktene.

Året blei runda av på beste vis då vi fekk ein ny verdsmeister her i landet. Verdsmeister i ost, basert på mjølk frå det som må vere verdas beste kyr. Skal vi kunne produsere slike produkt, også i framtida, kan vi ikkje senke skuldrene. Bonden si rolle er viktigare enn nokon gong, og det å synleggjere det er vårt aller viktigaste arbeid.'

 

Våre samarbeidspartnere