Jordbruksarealet er ca 1.000.000 dekar der omlag 500.000 vert nytta til grasproduksjon for hausting og vel 430.000 dekar er innmarksbeite. Ca 15.000 dekar vert nytta til grønsakproduksjon på friland og til potet. Rundt 29.000 dekar vert nytta vesentleg til korn, og om lag 1.500 dekar vert nytta til frukt og bær.

Dyrehaldet fordeler seg slik:

  • Mjølkekyr 39.000
  • Ammekyr 12.000
  • Storfe totalt 146.000
  • Avlspurker 28.000
  • Slaktegriser 460.000
  • Vinterfora sau 230.000
  • Verpehøns 1.200.000
  • Slaktekylling 19.000.000


Rogaland har ca 10% av jordbruksarealet i landet. Produksjonen innan dyrehaldet er derimot forholdsvis større - frå 16% av storfekjøtet, ca 18 % av mjølka, 21% av sauekjøtet, 26% av eggproduksjonen, 28% slaktekyliing og heile 29% av svineproduksjonen. Innan planteproduksjon varierer produksjonen frå 1 % til 92 %, av landets produksjon. Vi produserer 32 % av agurkene, 5 % potetene og 92 % av tomatene. Fylket har derimot liten kornproduksjon – berre vel 1 %. Rundt 55 % av den totale jordbruksproduksjonen i fylket vert utført i dei 8 Jærkommunane. Resten er nokolunde likt fordelt mellom dei andre regionane i fylket med ca 15 % i Ryfylke og i Nord-Rogaland og omlag 11 % i Dalane.

Rundt 6.000 årsverk er direkte knytta til primærproduksjonen innan landbruket i fylket. Dette legg grunnlag for ein netto verdiskaping på 6 mrd. Kvart gardsbruk skapar ein arbeidsplass i næringsmiddelindustrien, og om lag ein i andre støttenæringar som veterinær, eletrikar eller rekneskapsførar. Med grunnlag i dette er landbruket i fylket den største næringsgreina etter olja og legg grunnlag for spreidd busetnad og aktivitet i heile fylket.

Rogaland er eit Norge i miniatyr. Innan turistnæringa, som er veksande, er det viktig å ha eit levande landbruk i heile fylket. Det er berre eit aktivt landbruk som kan hindre gjengroing og som held kulturlandskapet opent og fint. Mange fine turopplevingar får folk ut i skog og mark.

Matfylket Rogaland er eit merkevare. Det inneber at det er brei politisk vilje til at det skal satsast på mat i Rogaland, både frå land og sjø. Det vert bygt opp nettverk mellom produsentar, foredlingsindustri, forsking, marknadsføring og fleire for å auka verdiskapinga. Rogaland Bondelag er aktivt med på fleire måtar i denne samanhengen. Større bevisstgjering av mat som eit råstoff til innovasjon er viktig og det er det tradisjonelle landbruket som legg grunnlaget for nye arbeidsplassar innan vidareforedlinga. Med grunnlag i dette er det den enkelte bonde som legg grunnlaget for satsinga innan matproduksjonen i fylket.

Om lag 12 % av arealet i Rogaland er dyrka eller dyrkbar jord. Rundt dei fleste tettstadene i fylket er andelen dyrka eller dyrkbar jord mykje høgare. Jorda er grunnlaget for heile matproduksjonen og difor må denne ikkje fornybare ressursen, forvaltast med respekt etter Rogaland Bondelag si klare vurdering. Fylkesdelplanen for langsiktig byutvikling på Jæren er såleis eit viktig styringsreiskap ang. jordvernspørsmålet i fylket og må følgjast opp.