Splid om grøn ny klimaplan i USA

  • Tips en venn om denne siden

Capitol hill
United States Capitol sete for USAs kongress.

Etter eit par år i klimavakuum er temaet tilbake på dagsordenen i USA.

Ed Markey og superstjerna Alexandria Ocasio-Cortez (demokratar såklart), også kalla AOC, la 6. februar fram Green New Deal. Planen er meir som eit vegkart for å motverke klimaendringar og utjamne økonomisk ulikskap. Ei massiv investering i betre betalte jobbar for rein energi og infrastruktur skal omforme heile økonomien og gjere USA meir klimavenleg og rettferdig på same tid.  Nullutslepp av klimagassar, millionar av nye høgtbetalte jobbar, rein mat og luft, reint vatn og slutt på undertrykking av marginaliserte grupper skal oppnåast gjennom ei ti år lang nasjonal mobilisering.

Det kan absolutt vere behov for ein slik plan. Ifølgje AOC opplever USA den største ulikskapen i løner sidan 1920-talet. Ein gjennomsnittleg kvit familie er 20 gonger meir velståande enn ein gjennomsnittleg afro-amerikansk familie. 1% stikk av med 91% av inntektene, og USA har den tredje verste sosioøkonomiske mobiliteten blant alle verdas industriland. Klimaendringane rammar svake grupper hardare enn andre og forsterkar ulikskapen i USA.

20% av  verdas drivhusgassutslepp kjem frå USA, og usleppa gjekk opp med 3,4% i 2018, trass i rekord-nedstenging av kolgruver. Dette var største auken i utslepp på 8 år. Den siste rapporten om USAs klimatilstand (som Trump prøvde å gøyme ved å lansere den dagen etter Thanksgiving) viser at havnivåeet i USA har auka med 22 cm sidan 1930. Det er 5-10 gonger så mange flaumar i fleire kystområde. Skogbrannane rammar 15 mill acres (ca 6 mill hektar) meir enn dei ville gjere utan klimaendringar. Stormane er sterkare og med meir kraftig regn enn tidlegare, og det er allereie klimaflyktningar innan USAs eigne grenser. 500 mrd dollar i året ved slutten av dette århundredet er estimata over kor mykje klimaendringane kan koste det amerikanske samfunnet.

Rapporten om klimaeffektar i USA teiknar eit dystert bilete over amerikansk landbruk om ingen mottiltak blir sett i verk. Sterk nedbør er venta å oppstå to til fem gonger oftare enn i dag, høgare temperaturar vil gi reduserte avlingar og meir stress på mjølk-, kjøt og eggproduksjonen. Fuktigheita i jorda går kraftig ned i sørvest og på prærien. Ugras, sjukdom og pest blir meir vanleg, og enkelte sprøytemiddel fungerer ikkje lenger. Produktivitet hjå bøndene i Midt-Vesten vil gå ned med 25% innan 2050 om ingenting blir gjort for å stagge klimaendringane.

AOC vil jobbe med bøndene for å eliminere forureining og drivhusgassutslepp «så mykje som teknisk mogleg», inkludert støtte til familiebruk, investering i berekraftig jordbruk og arealbruk som betrar jordkvaliteten, samt matsystem som gir allmen tilgang til sunn mat.

Det høyres jo ikkje så avskrekkande ut. Bøndene i National Farmers Union (NFU) har teke godt imot planen, men med forbehold. Dei har i årevis bedt regjeringa setje i verk tiltak for å kutte drivhusgassar, bøndene kjenner allereie endringane på kroppen. Men dei vaktar seg også vel for å omfamne noko dei ikkje føler seg trygge på utfallet av. Dei har lese tidlegare utgåver som ligg bak den framlagde planen, der det m.a. blir antyda å innføre avgifter.

Bøndene tilbyr løysingar. De er en forvaltar av fotosyntesen, og da binder jorda karbon.  Jordbruksjord har potensialet til å binde opp mellom 3 og 8 milliardar tonn av CO2 årleg i dei neste 20-30 åra. NFU har lenge jobba for å få til ein marknad for å handle med karbonkredittar, der bøndene ville få betalt for opptak. Det passerte nesten Kongressen i 2009. I Nord-Dakota prøvde bøndene det ut på Chicago-børsen, men prisane var for dårlege. Bøndene tilbyr også å produsere meir bioenergi. Større innblandinga av etanol i bensin er ei kampsak.

Men som norske bønder held amerikanske bønder fast på at dei ikkje godtek klimagasskutt som går utover matproduksjonen. Førebels ser dei ut til å ha lite å frykte. Green New Deal er eit ikkje-bindande forslag. Motstanden er stor. Trump tvitra ironisk om kor fint det ville bli for det «såkalla karbonavtrykket» om USA kutta ut fly, bilar, kyr, olje, gass og det militære. Trump-venlege Fox News gjekk eit hakk lenger og meinte AOC måtte ha fått eit nervøst samanbrot, som kunne foreslå å fjerne kyr, fly og… born (kvar dei no fekk det ifrå). Men også mange Demokratar synest planen er for radikal, og det blir alt snakka om New Green New Deal. 

Og kanskje er det vel optimistisk å håpe på 100% fornybar energi om 10 år, som planen foreslår. I dag er andelen på vel 10%. Tek ein med  atomkraft er oppe i nærare 20%. Men det kan likevel vere ein viss grunn til optimisme for dei klimavenlege. Medan Trump har meldt USA ut av Paris-avtala og oppheva alt han kan av tidlegare presidentars forsøk på klimatiltak, har enkeltstatar leia klimakampen. California har gått i front, men er ikkje åleine. Meir enn 100 byar, fylke og statar, inkludert dei to største, New York og California, har forplikta seg til å bruke berre fornybar eller nullutsleppskjelder for elektrisitet i 2050. Over halvparten av amerikanarane trur klimaendringane er menneskeskapte, sjølv om dei fleste trur det ikkje kjem til å ramme dei personleg. For å avslutte i ein positiv tone: Senator Tom Carpenter konkluderte slik på eit klimaseminar eg deltok på sist veke: - Det er mogleg å ha rein luft og skape jobbar samtidig.

Skrevet av: Hildegunn Gjengedal, seniorrådgjevar i Norges Bondelag

Ikke rart bøndene mister troen på fremtiden

«Bønder mister troen på fremtiden» skrev Nationen 8. mai. Ja, det gjør vi jo selvfølgelig! Det hadde vel alle gjort når regjeringen legger opp til at målene i landbrukspolitikken ikke skal møtes og i tillegg legger frem tilbud gang på gang som knapt møter kostnadsveksten.

Invester i jordhelsen

På Berge Gård på Gvarv er korn- og ammekubonde Hellek Berge opptatt av de minste organismene som befinner seg under beina våre; mikroorganismene i jorda.

Melkebilen henter melk overalt i Norge.

Svaret ligger i melka

Stolte tradisjoner, høye ambisjoner og hardt arbeid har ført Norge til verdenstoppen i osteproduksjon. Uten melk i verdensklasse hadde ikke det vært mulig. 

EU-flagget

Skjebnetid for matmaktregulering i EU

- Dette er sjansen vi har til innføre ei EU-lov om uheldig handelspraksis i verdikjeden for mat. Slik konkluderte EU-parlamentarikar Paolo de Castro då han sist veke traff EU-bøndene og samvirka i COPA-COGECA.

Namdalseid Bondelag. Anette Liseter i midten

Jeg vil ikke bli den siste bonden i bygda

Ingen vil bli den siste bonden i bygda. Derfor må vi som bønder ta vare på hverandre, det kollegiale fellesskapet og landbrukspolitikken som gir rom for både de små og de store, skriver Anette Liseter i dette innlegget.

Ammeku

Et privilegium, men ingen hobby

Kalvinger på julaften, våronn i konfirmasjonstiden, og innhøsting hele høstjakta. Vi er der for deg og det er ingen plass vi heller vil være, men ikke gratis, skriver Johan Martin Tovslid om livet som bonde.

Vafler illustrasjonsbilde

Brunost, vafler og andre verdier

Det er ikke alle politikere som stiller opp for verdiene fra norsk jord. Ikke engang de politikerne som elsker brunost og vafler, skriver Lars Petter Bartnes.

Selmer Wathne

Landbrukets framtid

Helt fra jeg var liten har jeg visst en ting: jeg skal bli bonde, jeg skal overta gården hjemme.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Onsdag
11
desember

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere