Prisca Anderson - modellbonde i Malawi

  • Tips en venn om denne siden

Prisca Anderson er modellbonde i Malawi, i Utviklingsfondets prosjekt som blir støtta av Norges Bondelag. Vi skal følgje Prisca og familien hennar i fleire artiklar framover.

Prisca bur ca 75 km nordaust for Lilongwe, i landsbyen Tsavu som ligg i Ntchisi-regionen. Prisca er fødd i 1992, gift med to born. Problem gjorde at ho ikkje kunne gjere ferdig ungdomsskulen, og droppa ut i andre klasse. Ho gifta seg i 2008, 16 år gamal. Prisca har vore modellbonde i Utviklingsfondets prosjekt sidan september 2013. Ho er også medlem i Chikondi spare- og lånegruppe sidan 2013.

Så snart Prica vart gift i 2008 byrja ho å investere i landbruk. – Landsbyen min trudde eg kunne gjere ein god jobb som modellbonde, så dei valde ut meg og nokre andre for å bli trena opp av TAPP (den lokale partnaren til Utviklingsfondet), seier Prisca.

Ho og mannen eig 10 da, i tillegg leiger dei ca 5 da. Leigeprisen for dette stykket, som ho har leigd sidan 2012, er 10.000 kwatcha (150 kr) per sesong. Jorda er brukt til mais (8 da), soya (4 da) og tobakk (2 da).

Eit panoramabilete frå Prisca Anderson sin åker. Vegen går mellom huset og åkeren.

På maisdelen brukte Prisca 1 da til å demonstrere fordelane med samplanting, bruken av planterestar som dekke, og bruk av naturgjødsel i sesongen 2013/2014. Ho seier starten lærde henne nokre viktige ting om korleis ein driv berekraftig landbruk for å få gode resultat.

– I byrjinga brende borna planterestane vi hadde samla på åkrane når dei var ute og leita etter mus, hugsar Prisca.  – I tillegg var det nokon som øydela dekket vi hadde lagt over gjødselhaugane. Dette trua våre moglegheiter for å produsere naturgjødsel til åkrane, seier Prisca. Ho hadde nokre diskusjonar med mannen sin om korleis dei kunne løyse problema og kom til slutt fram til ei løysing:

– Vi bestemte oss for å bruke åkrane som låg nær huset vårt for den berekraftige produksjonen. Naturgjødselblandinga vart laga ved huset hennar og bore over på åkeren. I tillegg vart det enklare å hindre folk i å fjerne eller brenne planterestane på åkrane. I sesongen 2014/2015 har ho planlagt å bruke markdekking på heile maisstykket på 8 da.

Nokre raske fakta

Familien:Prisca og familien hennar på den nye åkeren der ho planlegg å halde fram med bærekraftig dyrking. Planterestar ligg klart til bruk for neste sesong. Haugane med maisstokkar i bakgrunnen vil også bli brukt som markdekke etter at kolbane er tekne av.

  • Gift i 2008, mannen er fødd i 1985
  • Fyrste dottera Koleta er fødd 9. januar 2009
  • Andre dottera Scholastica er fødd 26. november 2011

Dyrkingssesongen 2012/1013:

  • Gjødsling: 50 kg fullgjødsel og 100 kg urea
  • Avling mais: 340 kg, seld for 16.000 kwatcha (220 kr)
  • Avling soya: 200 kg, seld for 36.500 kwatcha (530 kr)

Dyrkingssesongen 2013/2014:

  • Gjødsling: 50 kg fullgjødsel og 150 kg urea og 150 kg naturgjødsel
  • Avling mais: 1000 kg, ikkje seld enno
  • Avling soya: 400 kg, seld for 45.000 kwatcha (675 kr) (grunnen til at prisen på soya er lågare i år kan vere at ho ha seld det for tidleg. Då er det få kjøparar og prisane blir lågare.)

Prisca fortel at det vart brukt mykje mindre arbeid i sesongen 2013/2014 enn året før. Det kjem både av at ho da ikkje dyrka på tradisjonelle drillar og hypping men i staden dyrka på flatmark med markdekke. Med markdekking vart det og mindre ugrasluking.

Samhandling med resten av bygda

Prisca ba tre gonger landsbysjefane i området om å arrangere tre ulike møte for å drive opplæring i berekraftig jordbruk. Dei hjelpte henne med å innkalle til møta. Av de som kom viste 25 interesse for å starte denne typen jordbruk. Desse er no blitt følgjebønder for Prisca. I fyrste sesongen (2013/2014) gjennomfører 16 av desse minst tre typar berekraftige aktivitetar, resten driv samplanting. Prisca har også bedt bygdeutviklingskomiteen om hjelp til å lære bydefolket å sjå verdien i å ta vare på planterestane og unngå brenning.

Førebuing til neste sesong

Prisca lagar meir gjødsel for neste sesong, slik at ho kan kutte ned på kostnadene til mineralgjødsel. Når maisåkeren no er så nær heimen sparer ho transportkostnader ved å bere gjødsla over. Ho og følgebøndene planlegg eit gjødselbelte frå hovudvegen inn til landsbyen for å kunne vise prosessen med å lage og bruke gjødsel. Huset hennar ligg 400 meter frå hovudvegen, så det er enkelt for henne å sjå etter at gjødselbeltet verkeleg startar ved hovudvegen.

Ved å støtte Malawiprosjektet - bønder støtter bønder kan du gi fleire bondefamilier i Malawi mulighet til opplæring og ein bedre kvardag. Les mer om støttemuligheter og Malawiprosjektet Bønder støtter bønder

To tilsynelatende like bed, ett med og ett uten biokull. Ready-set-grow!

Biokull- tull eller gull?

I dag fikk jeg satt ned agurker, og med det satt startskudd for et lite forsøk vi skal følge her på sætra i år: Biokull - tull eller gull?

Hans Jacob Mydske, Samvirkebryggeriet

Kompost #2: Mask

Jeg har lovet å skrive mye om kompost, fordi kompost betyr mye for livet i jorda (og for meg;-).

Bybonden fjerner kvæke

Den store Kvekekværken

Vi hører at økologisk landbruk er mer arbeidsintensivt enn konvensjonelt, men når vi leser økobloggerne er det stort sett smilende fjes i bugnende hager, med litt kledelig jord under neglene. Forrige uke fikk vi smake på et lite stykke av den fulle sannheten, da var det den store kvekekværkeuka her på Losæter.

Erik Joner (NIBIO) og Andreas Capjon (Bybonde)

Øko-NOX?

Det er mange som spør oss om vi ikke vil få grønnsaker fulle av gift, her vi ligger mellom motorveiene på Sørenga?

Andreas ute på Losæter.

Vi vil ha bæra dine!

Vi skal lage frukt- og bærhage på Losæter, og jeg håper at du vil hjelpe med å lage en stikling av bærbuskene i hagen din (eller noen venners hage)!

Losæter får møkk fra Bogstad gård

Kompost #1: Møkk

Vi må gi noe tilbake til jorda når den gir oss grønnsaker; dette er elementær naturfag, og folkeskikk. Derfor sprer vi ut møkk, som gir god næring til jorda og deretter plantene. Dette er den første komposten vi sprer på jorda her, og kompost skal vi skrive mye mer om, for det er selve motoren i økologisk grønnsaksdrift.

Hestene klare til å ploge på Losæter

Arbeidshester på sætra!

Våronna kom i gang på alvor i dag når vi fikk to arbeidshester inn på sætra, med plog og harv. De har gjort 25 manns jobb, og vi har fått jobbet opp jorda over hele godset:)

Chaff fra Kaffebrenneriet på Losæter

Bruk av lokale kretsløp #1: Ola-Chaffen

Hvorfor kaste matavfallet når vi heller kan bruke det for å få mat på bordet igjen? En av de tingene som jeg vil jobbe med på Losæter er å ta i bruk lokale kretsløp for å vise hvordan det vi vanligvis tenker på som avfall kan tas i bruk på nytt.

Smaken av asfalt

Hvor attraktiv vil kjøttfri mandag bli hvis menyen må bestå av timotei og rødkløver?

Dette skjer i Norges Bondelag

Onsdag
22
april

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
26
mai

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere