Eit  bestemt ord vert stadig meir populært i norsk politisk debatt, det er ”bypolitikk”. Både politikarar og kommentatorar bruker det flittig, og fyller begrepet med ambisiøst innhald. NRK sin Lars Nehru Sand  er ein av dei som set ord på det: I ei Ytring på NRK sine nettsider skriv han at mange parti nå ønskjer å sjå på bypolitikk ikkje bare som eitt tema blant fleire, men som ein overbygning for det meste av politikken.


Eg var til stades på NHOs årskonferanse rett etter nyttår, på Operahuset i Oslo. Der vart mål og verkemidlar for ein bypolitikk gitt ei framstilling så brei og samla som vi til nå har vore lite vande med i norsk offentlegheit. Det vart understreka ved at både statsminister Erna Solberg sjølv, hennar statsrådkollega Jan Tore Sanner og deira svenske partiven og statsminister fram til i fjor, Frederik Reinfeldt, var blant innleiarane som la tung vekt på at nå trengst det ei ny og forsterka satsing på byane. Føremålet er å fylle byanes trong for meir ressursar til planlegging og utbygging, samt til løysing av særskilte storbyutfordringar innan skule, velferd, kommunikasjon med meir.


Grunngivinga for ei slik satsing, i tillegg til at den er nødvendig både for dei nåverande og dei venta nye innbyggjarane i byane, er at byen vert definert som vekstmotoren også for omlandet sitt. Byens utfordringar og behov ser derfor ut til å bli vektlagt i den nasjonale politikken på ein heilt annan og tyngre måte nå enn tilfellet har vore før.


Meir merksemd mot byen

Regjeringas og spesielt Høgres retorikk og ambisjonar er tydeleg prega av den nye bysatsinga. Vi ser nå resultatet av at partiet i gjennom fleire valperiodar først og fremst har hatt makt og profilerte politikarar i bykommunane og i liten grad markert seg i distrikta eller rekruttert politiske profilar med bygdebakgrunn. Høgre har over lang tid vore i posisjon i etter måten få kommunar, men likevel styrt halvparten av kommune-Noreg målt i folketal. Det har skjedd ved at dei har greidd å halde på makta i dei store bykommunane. I inneverande periode er det bare Trondheim som er unnataket når det gjeld partifarge blant dei største bykommunane. Resten er bastionar for dei blå.


Men vi skal ikkje rekne med at bypolitikk er noko som Høgre får ha eineretten på i tida framover. Nettopp ønsket om å kome til makt i dei største byane gjer at også Arbeidarpartiet vil prioritere saker og spørsmål som appellerer til byveljarane i årets valkamp. Partiet driv dessutan mykje politikkutvikling på område som er viktige for bysamfunna.


Eit paradoks

For meg er det eit stort paradoks at denne nye bypolitikken kjem opp samtidig som den heilheitlege distriktspolitikken her i landet vert snakka ned og forvitrar bit for bit. Det har skjedd over fleire år, men er blitt særleg tydeleg i den stortingsperioden vi er inne i nå. Dagens regjering seier og skriv i klårtekst at distriktspolitiske mål skal prioriterast ned på sektorar som landbruk, fiskeri, forsking/utdanning, helse og samferdsle for å nemne dei viktigaste.

Kritikken mot desse endringane i politikken vert gjerne møtt frå regjeringas side med at den tradisjonelle distriktspolitikken uansett ikkje har verka, folk har flytta til storbyane likevel. Derfor bør vi bare ta den marknadsstyrde utviklinga til vitande og manøvrere som best vi kan på ein flod av sentralisering som uansett ikkje lar seg stoppe.

Sektorovergripande politikk

Men stopp litt, er det ikkje mykje som er likt i måten ein tenker ny bypolitikk på nå samanlikna med den tradisjonelle distriktspolitikken? Lars Nehru Sand peika nettopp på at det nye ved bysatsinga er at den vert tenkt som ein samla overbygning over sektorpolitikk på alle område. Samferdsel, planlegging, skule og helse skal alle få ein særskilt byprofil. Men det same var jo nettopp kjenneteiknet ved den ”gamle” distriktspolitikken : Alle sektorar skulle ha særskilte distriktspolitiske mål og eigna verktøykasser for å nå desse måla. Det er desse som nå vert fjerna for distrikta sin del på felt etter felt. Så, om politikarane er så sikre på at det trengst ein sektorovergripande politikk for å styrkje byane, kvifor kan vi ikkje få behalde det same for distriktas del?


Eg har budd i Oslo i mange år, eg kjenner i byen og liker han, noko eg gjer også etter at eg flytta tilbake til bygda. Eg skjønar at storbyen har særskilte problem å hanskast med som treng støtte og merksemd frå nasjonalt politisk hald. Men det gjeld jammen meg for bygda, òg. Eg kan gjerne støtte at vi skal lage ein betre og meir samla storbypolitikk enn det vi har nå, men da krev eg tilbake at vi samtidig beheld og utviklar ein samordna distrikts- og bygdepolitikk. Den må ta opp i seg distriktas utfordringar på alle område og setje dei inn i ei felles ramme. Det er den samla slagkrafta som manglar distriktspolitikken i dag.


”By og land hånd i hand”, sa fru Flettfrid Andresen ein gong. Slik er det framleis, spør du meg.