Ny amerikansk landbrukspolitikk – ikkje nok til å rette opp skipet

  • Tips en venn om denne siden

Gårdsbruk i Virginia USA. Foto: pedrik, CC-lisens Flickr

I fjor vedtok USA sin nyeste Farm Bill. Her gir bondelagets Hildegunn Gjengedal deg ei rask innføring i dagens amerikanske landbrukspolitikk.

Rundt kvart femte år sidan 1933 har USA vedteke ny landbrukspolitikk, den såkalla Farm Bill. I desember signerte Trump den nyaste versjonen, Farm Bill 2018 på $867 mrd. Han skrytte av at dette var ei av få saker Demokratane og Republikanarane har klart å bli samde om. Sjølv om Trump er god på å skryte i tide og utide, er nok dette rett.

Fleire snakkar om landbrukspolitikken som ein av dei mest «bipartisane» politikkområda. Denne gongen har det også gått i rekordfart. Farm Bill 2014 slutta å gjelde i oktober. Det er uvanleg at ny avtale blir signert same året den gamle utgår. Men så var kanskje heller ikkje endringane så dramatiske denne gongen.

Hald deg fast, her kjem ei lita innføring i amerikansk landbrukspolitikk:

Støtte når pris eller inntekt fell

Farm Bill består av 12 kapittel, eller titlar. Dette dekker alt frå miljøprogram og direktestøtte til ernæringsprogram, skogtiltak, låneordningar og bygdeutviklingsmidlar. Viktigaste enkeltpostane for bøndene er direktestøtte til enkeltproduksjonar, såkalla commodity programs og avlingsforsikringar (crop insurance). Støtta til enkeltproduksjonar skal sikre at produsentane av dei viktige produkta som soyabønner, mais og korn held produksjonen flytande.

Tidlegare brukte ein prisstøtte og marknadsregulering. Dette byrja ein trappe ned allereie på 1970-talet og fjerna det heilt i 1996. Staten skulle ut av marknaden, og bøndene måtte: «Get big or get out», som ein tidlegare landbruksminister uttrykte det. Dette skjedde omtrent samtidig med at ein inngjekk den fyrste nord-amerikanske handelsavtala (NAFTA), og konkurrerande produkt kom inn på marknaden.

Det gjekk ikkje så bra med bøndene, og ein innførte krisestøtte. Dette var seinare gjort om til permanent direktestøtte til bøndene, basert på areal og avling. Viktigaste programma her er Price Loss Coverage (PLC) og Agricultural Risk Coverage (ARC), som slår inn når prisen eller inntekta til bonden går under eit bestemt nivå. I tillegg er det eigne program for støtte til sukker- og mjølkeprodusentane. For mjølkebøndene er det to typar støtte under dette kapitlet: Marknadsføringsmidlar og marginstøtte som slår inn når kostnaden på fôr er for høge til å ha ein lønsam produksjon. Dette var ikkje nok til å hjelpe mjølkebønder i krise, og i februar i år vedtok difor Kongressen ei styrking av dette programmet.  Alle desse støtteordningane under fyrste kapitlet utgjorde under sist Farm Bill 23,5 mrd dollar, eller 5% av heile Farm Bill.

Avlingsforsikring sentralt

Litt større del (8%) utgjorde den andre viktige posten for bøndene, avlingsforsikring (crop insurance). Dette har eksistert sidan 1938, og gjeld naturkatastrofar. Regjeringa betalar for ca to tredjedeler av kostnaden ved forsikringa. For å motta støtte under andre program i Farm Bill er bøndene pålagde å teikne forsikring. Over 100 produkt er dekka av avlingsforsikringa.

Miljøprogram, som på ulikt vis stimulerer til meir miljøvenleg produksjon, er samfinansiert med bøndene og utgjer rundt 8% av Farm Bill (2014). Til dømes får bøndene betalt for å brakklegge sensitive areal i 10-15 år (CPR-programmet).

Matvarehjelp utgjer 80% av Farm Bill

Heng du framleis med? Bra, for her kjem den viktigaste delen av Farm Bill: SNAP. Den aller største posten i landbruksavtala er pengar bøndene aldri ser noko til. 80% av Farm Bill går til matvarehjelp til fattige amerikanarar. Det såkalla Supplement Nutrition Assistance Program, betre kjend som SNAP (tidlegare food stamps), gir matkupongar til 40 millionar låginntektsamerikanarar. Ikkje rart då, at dette skapte den mest høgrøsta debatten i Kongressen om ny Farm Bill.

Trump ville skjerpe jobbkrava til mottakarane av matkupongar, noko Demokratane var sterkt imot. Demokratane vann, men Trump har no teke omkamp. Sjølv om denne typen støtte ikkje viser direkte på botnlinja til bøndene, har den vore sett på som viktig for å bygge alliansar mellom by og land i USA. Statleg oppkjøp av varer hjelper også naturlegvis på omsetning av landbruksvarer.

Ingen dramatiske endringar i ny Farm Bill

Endringane i Farm Bill 2018 er ikkje dramatiske, men har nokre mindre justeringar som bøndene likar. Avlingsforsikringsprogramma blir styrka og bøndene får meir fleksibilitet i å velje mellom inntekts- og prisbasert støtte. Mjølkebøndene for sterkare vern mot låge prisar og støtta til små- og mellomstore bruk blir styrka. Miljøstøtte aukar og bøndene blir tilbydt finansiell og teknisk støtte for å tilpasse seg endra klimatiske forhold, støtte til tiltak for psykisk helse og behandlinga av opiod-misbruk, og permanent støtte til oppstartsbønder er etablert.

Produksjon av hamp vart for fyrste gong lovleg i heile landet. Med den vanskelege økonomiske situasjonen ser mange bønder etter alternative produksjonar, eller diversifisering som det heiter på fint. Hamp kan vere eit slikt alternativ. Men ein er også redd for at mange skal kaste seg på hamp-bølgja og at prisane vil falle.

Endringane reflekterer ikkje krisa

Men trass i dei små dytta i rett retning er dette langt ifrå nok til å løfte dei amerikanske bøndene ut av den djupe krisa dei er i.

– Endringane reflekterer ikkje alvoret i marknadsutfordringane og den akutte finansielle krisa bøndene er i, uttalt styret i National Farmers Union (NFU) etter at Farm Bill var vedteken. Inntektene til bøndene er nesten halverte siste 5 åra. Talet på mjølkebruk er meir enn halvert siste 15 åra. Prisane på soya har falle med over 20% etter at Trump terga Kina til å auke tollen med 25%. Krisetelefonane til hjelpeorganisasjonen Farm Aid auka med over 100% i 2018.

Gjeld i forhold til inntekt er den høgaste sidan Farm Aid med Willie Nelson og Neil Young i spissen arrangerte den fyrste støttekonserten til inntekt for bøndene midt på åttitalet. Ei sjølvmordsbølge rir over bygda, og dei $50 millionane som er sett av i den nye Farm Bill til mentalt helsearbeid blant bøndene rekk ikkje langt. Siste vekene har flom utraderte gardsbruk i Midtvesten.

Naturkatastrofar i 2018 og 2019 er estimert å ha kosta landbruket $8 mrd. Bøndene jobbar no for å få gjennom auka krisehjelp, men førebels er Trumps feide med Puerto Rico i vegen. Trugsmål frå presidenten om å stenge grensa til største eksportmarknaden for mjølk, Mexico, hjelper heller ikkje på. NFU ber om sterkare sikkerheitsnett og mjølkebøndene kjempar for marknadsregulering gjennom aksjonen «dairytogether».

Kongressen diskuterer no utvida hjelp til konkursramma bønder. Ein ny rapport frå CoBank spår dårlege tider også i året som kjem som følgje av mindre global etterspurnad, handelskrig og flom i landbruksbeltet.  – Vi vil halde fram kampen for eit sterkare sikkerheitsnett som reflekterer realitetane i landbruksøkonomien og konsekvensane for eit levande familielandbruk i USA, sa leiaren i NFU i ein kommentar etter signeringa av den nye Farm Bill.

Kampen er ikkje over.

Kari Marte Sjøvik

Kunnskap om og innsikt i - råvarene

Vi ønsket å spre kunnskap og innsikt i hvor råvarene til den gode maten, vi finner på restaurantene, kommer fra. Vi tok derfor kokkene med ut på tur - til bøndene.

Kommunikasjonssjef Lise Boeck Jakobsen

Epler for kunnskap

Vi har vært og levert en kasse med epler til den nye landbruksministeren Sylvi Listhaug. Og vi har ikke gitt røde epler til Listhaug for å si at Bondelaget kommer til å være den snilleste og stilleste i klassen!

Organisasjonssjef Astrid Solberg

Tør du å spørre?

Ordtaket ”sammen er vi sterke” er helt riktig i bondelagssammenheng. At Norges Bondelag har nesten 62.000 medlemmer, betyr noe når vi henvender oss til samfunnet.

Generalsekretær Per Skorge, foto: Eivor Eriksen

LMD er viktig for norsk matproduksjon

Høyre og Frp sier i sin regjeringserklæring at de vil jobbe for høyest mulig selvforsyning og sikre landbruket lønnsomhet og forutsigbarhet. Disse måla har fått støtte fra landbruket, men ikke forslagene til virkemidler og reformer.

Andre nestleder Brita Skallerud, arkivfoto: Randi Undseth

Frustrert?

Ja, da er vi flere. Det har vært snakk om blåmandag et par mandager på rad nå, og det har det virkelig vært.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, foto Eivor Eriksen.

Viktigare enn nokon gong

Eg er ikkje i tvil, framover vil det det vere viktigare enn nokon gong at vi i landbruket synleggjer fordelane ved å produsere mat i Norge.

Svein Guldal

Norge er blitt mer sårbart

Klimaendringene er, dessverre, kommet for å bli. Mer, og mer intens nedbør, jordras, sørperas, steinsprang og økende gjennomsnittstemperatur nasjonalt endrer betingelsene for nasjonal matproduksjon.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
januar

Kornkonferansen 2020

Oslo Kongressenter
Tirsdag
04
februar

AU-møte

Landbrukets hus
Onsdag
05
februar

Styremøte

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere