EU ryddar opp i daglegvarebransjen

  • Tips en venn om denne siden

EU-flagget

Eit samla EU har konkludert med at det er «noko gale» i verdikjeda for mat. Kvifor gjer ikkje Noreg det same?

Kronikk av Hildegunn Gjengedal, seniorrådgivar i Norges Bondelag.
 

"Det er noko gale i marknaden når prisen på ein liter mjølk er mindre enn prisen på ein liter vatn. Noko har blitt surt i mjølkemarknaden. Mitt inntrykk er at vi må bryte nokre daglegvare-oligopol."
 

Orda i avsnittet over tilhøyrer EU-kommisjonens president, Jean-Claude Juncker, framført i hans ”State of the union”-tale i 2016. I desember same år var alle EUs landbruksministrar samde om at det var nødvendig med EU-tiltak for å betre bonden sin posisjon i verdikjeda for mat, og disiplinere uheldig handelspraksis (UTPs).
 

Kommisjonen har definert fire hovudtypar UTP: urettmessig overføring av risiko eller kostnader til den andre parten, å be om fordelar utan å yte tenester relatert til denne fordelen, einsidig endring av inngått avtale, urettmessig avslutting eller trugsmål om avslutting av kontrakt. Utgangspunktet for ministrane si avgjerd var tilrådingar frå ei ekspertgruppe oppnemnd av Kommisjonen. Gruppa tilrådde tiltak på EU-nivå for å få bukt med problema i verdikjeda for mat. Frivillige ordningar var ikkje nok. Parlamentet hadde allereie i juni 2016 bedt om liknande tiltak.
 

Eit samla EU, med Kommisjonen, Parlamentet og medlemslanda gjennom Rådethar no såleis konkludert med at det er «noko gale» i verdikjeda for mat, og bede om at tiltakt blir iverksett. Det er venta at forslag til tiltak blir lagt fram i april. Dei fleste medlemsland har allereie innført nasjonale tiltak. Sist ute er Finland, som akkurat no jobbar med ei lov om god handelsskikk med ombod.
 

Dette kjem midt oppi diskusjonen om korleis EUs landbrukspolitikk (CAP) skal sjå ut etter 2020. På sist landbruksministermøte diskuterte medlemslanda Kommisjonen sitt utkast frå november. Korleis skal støtte og miljøtiltak utformast? Kor mykje av støtta skal vere kopla til produksjonen? Skal det vere tak på kor mykje støtte ein bonde kan motta, og skal dei minste få meir? Og skal bidraga frå medlemslanda opp for å dekke tapet etter Brexit? Det var mellom spørsmåla landbruksministrane diskuterte.
 

Også maktforholda i verdikjeda for mat var med i Kommisjonens forslag. Som grunnlag for utforming av den nye landbrukspolitikken gjennomførte Kommisjonen offentlege høyringar. 96 prosent av respondentane sa at styrking av bondensposisjon i verdikjeda for mat var eit mål.
 

Dette har Kommisjonen teke med inn i sitt forslag. Eitt av verkemidla Kommisjonen tilrår er styrking av produsentorganisasjonar. Denne typen organisering kan ifølgje Kommisjonen styrke bonden sin forhandlingsposisjon, redusere kostnadene og gjere bøndene meir konkurransedyktige.
 

Diskusjonen om tiltak for å betre tilhøva i verdikjeda for mat har også rulla i mange år her heime. To regjeringsoppnemnde utval har konkludert med at det trengst ei lov om god handelsskikk, utan at regjeringa har følgt opp. Då Hjelmeng-utvalet la fram sitt forslag om ei lov om god handelsskikk i 2013 var Noreg i front, og Hjelmeng var ein ettertrakta innleiar i Brussel. No sakkar vi akterut. I mellomtida har fire daglegvarekjeder blitt til tre, og behovet for lovregulering er større enn nokosinne.
 

Då er det underleg at denne regjeringa som elles ofte ser til EU for inspirasjon går i ei heilt anna retning enn resten av Europa. I staden for å følgje rådet frå to regjeringsoppnemnde utval, prøver dei seg med mindre enkeltståande rapportar. To av dei er på høyring til 15. mars. Rapporten om etableringshinder peiker på mange av dei same utfordringane som tidlegare rapportar, men flyttar problemfokuset frå daglegvarekjedene til samvirka og andre store leverandørar.
 

Tiltak er vanskeleg å finne, men rapporten rettar peikefingeren mot importvernetog marknadsreguleringa. Daglegvarekjedene må vere store og sterke for å få volumgevinstar ved innkjøp frå dei store leverandørane. Og importvern og marknadsregulering forstyrrar konkurransen mellom leverandørane. Fokuset på importvern og marknadsregulering framstår som noko underleg all den tid EU-land med svakare importvern og marknadsregulering har liknande utfordringar. EU-kommisjonen peikar tvert imot på samvirka som ein positiv faktor i arbeidet med å betre forholda i verdikjeda for mat.
 

Vi får håpe regjeringa ein dag tek til fornuft og set i verk tiltak som monnar. I mellomtida får vi trøyste oss med orda frå det britiske daglegvareombodet, Christine Tacon, då vi møtte henne i fjor: - Lova om god handelsskikk fungerer. Vi brukte 20 år på å innføre den. Ikkje gi opp.
 

Denne kronikken sto på trykk i Nationen, 1. mars 2018.

Svein Guldal

IKEA i tenkeboksen. Får de med Listhaug?

I dag mottok Sylvi Listhaug Naturviterne sitt opprop om et sterkt jordvern i Norge Oppropet samlet over 8200 underskrifter. Det burde få Listhaug i tenkeboksen. Ikea har allerede gått i seg selv.

Svein Guldal

Kua og klima

Kua spiser gress og kraftfôr og produserer kjøtt, melk og kulturlandskap. Den raper metan, men av gjødsla hentes det ut metangass som blir til fornybart drivstoff og ny gjødsel.

Svein Guldal

IKEA - en klimaversting

Ved å rasere Delijordet vil IKEA gjøre seg skyldig i noe som om kort tid vil bli betraktet som miljøkriminalitet.

Seniorrådgiver Per Ole Ranberg, foto: Mats Olsen

En hel kabal med åpne kort

Kommunikasjonsbransjen er sammensatt av mennesker med bred erfaring. De er der, og hver gang de spiser lunsj sammen, spiser de med to gafler. Den ene bruker de i salatbollen, den andre skriver de regninger med.

Per Ole Ranberg

De best mulige menneskene

Det er menneskene som er den avgjørende faktoren i danningen av landbrukets omdømme som igjen er en avgjørende faktor for de rammebetingelsene landbruket har – og får

Assisterende kommunikasjonssjef Ragna Kronstad, foto: Eivor Eriksen.

Dyktige bønder

Vi trenger bønder i hele landet for å forvalte våre ressurser godt. Etter vår oppfatning er det sunt bondevett.

Svein Guldal, foto Eivor Eriksen

Noen trekk foran

Du verden så morsomt det er med sjakk-VM. Så vanskelig er det ikke i politikken. Men også her er det nødvendig med analyse, vurdering av motstander, strategisk tekning og...

Svein Guldal, foto: Eivor Eriksen.

Gevinstsikring

Oljefondet renner over av penger. Oljefondets sjef sier at fondet legger vekt på å bli en viktig spiller i de lokale kapitalmarkedene. Men spiller han i feil spill?

Per Ole Ranberg

Fra odel til adel

Landet har fått ny regjering, ny landbruksminister. Aviskommentarer og alle som mener noe om politikk i medier der formidlingslinjene skjer i form av at ”lufta er fri for alle – og alt” har gitt uttrykk for hvem, hva og hvorfor. Landbruket, for eksempel, har fått en plass i journalistenes evige søkelys etter nyheter..

Svein Guldal

Tips til den nye landbruksministeren

. På spørsmål om hvorfor det går så bra med den finske skolen svarer man i Finland at « vi förandrar inte så mycket». Noe å ta med seg for ny landbruksminister...

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
21
januar

Kornkonferansen 2020

Oslo Kongressenter
Tirsdag
21
januar

Øko 2020

X Meeting Point,Hellerudsletta
Fredag
31
januar

Bonden og nasjonal kriseberedskap

Landbrukets Hus, Hollendergata 5, Oslo

Våre samarbeidspartnere