Eg har vakse opp med dyr, og sete i ein traktor dag ut og dag inn frå eg var 2 år. Ja, og til eg var så stor at eg kunne kjøre sjølv. Eg var mest alltid med far i fjoset. Og dei gongene eg leika inne var det med traktorane mine og leikefjoset.

Eg har ofta drøymt om den dagen då eg skal få overta heime, vere sjef på eige bruk. Drøymt om å kunne utvikle garden og utnytta dei ressursane som er på den. Eg har eit ynskje om utvikle mjølkeproduksjonen og betre resultata på den. Ein annan draum som ein ikkje kjem utanom er nye driftsbygningar og nye maskinar.

Dette er det mange norske ungdommar, med ein draum om ei framtid innan landbruk som ynskjer. Me vil gjere vårt for at me kan få norsk mat på bordet. Dette er noko ein ungdom gjer frå sitt indre, og han set stor pris på om han kan få betalt for det han gjer.

Mitt ynskje er å få leva ut denne draumen. Skal det i det heile bli mogleg må eg ha støtte fra politikarane, og eg er heilt avhengig av gode jordbruksoppgjer i tida framover.

Det er mange ungdommar som er i same situasjon og som ynskjer det same. Me er villige til å jobba lange dagar, gjerne 14-18 timar til dagen. Me er villig til å ha lite fri, og stiller gjerne opp på møter og foredrag for å auke kompetansen den tida me har fri. Og me stiller gjerne opp for å hjelpe til heime på gardane.

Dette er det mange norske ungdommar, med ein draum om ei framtid innan landbruk som ynskjer. Me vil gjere vårt for at me kan få norsk mat på bordet. Dette er noko ein ungdom gjer frå sitt indre, og han set stor pris på om han kan få betalt for det han gjer.

Å vera bonde er ein livsstil, og eg håpar at mange ungdommar vil gå inn i denne livsstilen. Vil du hjelpe til med å få norsk mat på bordet?

Eg gler meg til å bli bonde, og ser fram til den dagen far seier at eg kan få overta garden heime. Men eg gler meg ikkje over den siste jordbruksmeldinga. Så her må det bli ei endring! Me treng meir positive endringar for alle!

Me treng både små og store gardar , både i distrikta og sentralt!