Årsmeldingane for 2020: Det året ein kjende seg på djupt vatn.............
2020 vart det året vi ofte kjende oss på litt djupt vatn, men der vi saman som nasjon prøvde å gjere det beste ut av det. Det vart verkeleg det året vi tok digitale hjelpemiddel i bruk som møtestad. Pandemien syner oss kor sårbare mennesket kan vere og korleis globalisering kan setje heile verda "sjakk matt" på kort tid.
2020 starta vått, våren vart snørik og kjøleg noko som gjekk ut over særleg plommeavlinga, moreller og nokon eplesortar. Sommaren vart fin med god kvalitet på grasavlingane og hausten hadde også mange fine dagar å by på.
Den 12.november 2020 vart Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag slått saman til Vestland Bondelag. Difor dekker dei to årsmeldingane for 2020 perioden fram til skipingsmøtet i november 2020.
Her finn du årsmeldinga til Sogn og Fjordane Bondelag for 2020
Her finn du årsmeldinga til Hordaland Bondelag for 2020