Ynskjer vidareføring av ordning med fri kalveskyting

- Det er ikkje tvil om at det er for mykje hjort i Vestland, og eg er glad for at vi skal ha møte med Landbruks- og Matdepartementet i dag for å drøfte vidare tiltak med mål om å redusere bestanden seier fylkesleiar i Vestland Bondelag Gry Ingvild Agjeld
Med på møtet som vert gjennomført på Teams vert også fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug, Rune Hedegart frå Kystskogbruket og tilsett i Norges Bondelag Merete Støfring.
Møtet er eit oppfølgingsmøte i høve møtet som vart gjennomført vinteren 2022. - Det er ikkje til å legge skjul på at vi i dette møte mellom anna vil fremje eit ynskje om å kunne halde fram med fri avskyting av hjortekalv også i 2023 og 2024 held Agjeld fram. Dette tiltaket åleine løyser ikkje alle utfordringar, men det er eit supplement og vil ha ein lokal verknad i området der tiltaket verkeleg vert brukt.
- Vi registrerer at Landbruks- og Matdepartementet har fått eit ekstra fokus på korleis beiteskadar innan jordbruket og skogbruket kan bli redusert, mellom anna står det følgjande i oppdragsbrevet frå Landbruks- og Matdepartementet til Miljødirektoratet denne vinteren:
Forvaltning av hjort
Departementet viser til oversendt rapport av 22. desember 2022 med anbefalte tiltak og virkemidler for at utfordringene med tette hjortebestander kan håndteres bedre enn i dag. Miljødirektoratet anbefaler å vurdere nærmere noen mindre justeringer i blant annet hjorteviltforskriften §§ 7 og 18 og i viltforskriften § 3-5, samt enkelte andre tiltak som kan bidra til økt uttak. Departementet støtter at Miljødirektoratet hører på de foreslåtte forskriftsendringer og eventuelt fastsetter nye regler med virkning for jaktsesongen i 2023. Miljødirektoratet bes utarbeide et notat om hvordan hensynene til næringsdrivende i landbruket med stort skadeomfang kan ivaretas bedre i hjorteviltforvaltningen.
No er det viktig at den omorganiseringa som er varsla frå politisk nivå med flytting av arbeidsoppgåver knytt til jaktbart vilt frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet ikkje skapar eit vakuum og ein stillstand i den jobben ein er starta på, avsluttar Agjeld som ser fram til eit konstruktivt møte med Departementet og direktoratet.