Fjærland Bondelag gjorde ein flott innsats i markeringa ved brotet i årets jordbruksforhandlingar.  Mange medlemer deltok og laget sine medlemer var kreative og synlege i traktormarkeringa.  Laget har elles gjennomført ein fagleg og sosial dag med demonstrasjon av maskin som kan nyttast til rydding av beite.  Det vart ein kjekk dag med mange medlemer samla kring bålpanna etter gjennomført fagtema. 

 

Miljøstasjon i Bygda

Styret i Fjærland Bondelag har starta eit arbeid fort å få¨til ein miljøstasjon i bygda.  Sogndal kommune og Tenden Miljø er med i samtalene.  Målet er å få til eit pilotprosjekt på saka, for å få kontroll på avfallet frå bøndene.  Dagens løysing for mellom anna landbruksplast er ikkje god nok.  Det vart etterlyst større nasjonalt engasjemenet frå Norges Bondelag sentralt for å samordne og få til gode løysingar for bøndene i plastsaka. 

Attval på styret

Attval på styret.  F.v. Svein Arne Bøyum, Hege Våtevik, leiar Anders Mundal, Ivar Erlend Waatevik og Knut P. Bøyum

Det er elles ikkje til å legge skjul på at Fjærland Bondelag var sterkt imot samanslåinga av Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag.  Vestland Bondelag vert for stort og tungrodd i deira auge.  Dei hadde også lite til overs for fylkeslaget sitt ynskje om felles årsmøtestad for lokallag, som ligg nokonlunde geografisk nærme kvarandre.  - Eg tek tilbakemeldingane med meg attende til styret, seier Hovland, som har respekt for ulike syn og som set pris på tydelege tilbakemeldingar.  - Det er kjekt å delta i lokallagsårsmøte med slikt sterkt engasjement og meiningsbrytningar avsluttar styremedlem i fylkeslaget Ole Bjarne Hovland