På årsmøtet i Stardalen Bondelag var det ein innleiande diskusjon på om Stardalen Bondelag skal slåast saman med Jølster Bondelag.  Styret i lokallaget har fått arbeidet med å utgreie saka vidare i førekant av komande årsmøte i 2022.

Smilet sat laust hos medlemene i Stardalen Bondelag, som har gjeve styret sitt i oppdrag å utgreie samanslåing med Jølster Bondelag.

 

Stardalen Bondelag er ikkje det einaste laget som har slike drøftingar gåande.  Berre hausten 2021 har følgjande lag vedteke å  slå seg saman med andre lag.

  • Nordre Gulen Bondelag er lagt ned og medlemene er melde inn i Gulen og Masfjorden Bondelag
  • Hafslo, Indre Hafslo og Luster Bondelag har slege seg saman til Luster Bondelag
  • Stryn Bondelag er lagt ned og medlemene er melde inn i Oppstryn Bondelag
  • Medlemene i Meland Bondelag vert melde inn i Eikanger Bondelag

Desse endringane gjer at det ved slutten av 2021 er 74 lokale Bondelag i Vestland.   Stort eller lite; kvart lag er viktig for å kunne synleggjere Bondelaget lokalt og for å kunne vere med og påverke avgjerdsprosessar i kommunane og i eigen organisasjon.