Dei siste to åra har Stiftinga Norsk Hjortesenter med hjelp frå Statsforvaltaren på oppdrag frå Vestland fylkeskommune og Landbruks- og matdepartementet jobba for å utvikle hjortekjøtnæringa for å gjera meir 
viltkjøt tilgjengeleg for vanlege forbrukarar.   Det har resultert i at til no 11 næringsaktørar i Vestland har gått saman i eit samarbeid for å kunne ta imot meir hjortekjøt til foredling og sal til større marknadar. Samarbeidet er organisert som ei klynge og klynga ønsker fleire deltakarar som vil vera med og utvikle viltkjøtnæringa.

Formålet er at klynga skal bidra til at Vestland blir ein føregangsregion i å utvikle hjortekjøt som næringsveg
gjennom heile verdikjeda.

  • Få meir hjortekjøt ut i marknaden i samarbeid med jegerar og grunneigarar.
  • Forenkle vegen frå jeger til viltmottak/detaljist.
  • Sikre kvalitet på hjortekjøtet som blirlevert til klynga og vidare ut i marknaden.
  • Styrke verksemdene i klynga 
    • Nokre er vilthandsamingsanlegg og tek imot kjøt frå jegerar og grunneigarar.
    • Andre driv med oppdrett av hjort og kombinerer dette med turisme. 
  • Auka lønsemd og verdiskaping ved vilthandsamingsanlegga (dei har kapasitet til å ta imot meir kjøt).

Godkjende aktørar som kan ta i mot viltkjøt:

  1. Kjell Kristian Carlsen, Askvoll, tlf. 97 12 14 27
  2. Kystvilt AS v/Bjarte Midtbø, Fjaler, tlf. 97 71 85 28
  3. Haugen Gardsmat Drift AS v/Odd og Kristine Ohnstad, Flåm, tlf. 91 53 90 26 / 91 80 39 42 https://www.haugengardsmat.no/jegerinfo
  4. Marås Hjort v/Knut Marås, Skjolden, tlf. 48 28 25 18
  5. Søndre Tveit Gardsmat v/Kjell Vidar Øglænd, Ølen, tlf. 40 49 62 50
  6. Vikja AS, v/Olav Arna Bø, Vik, tlf. 47 65 74 65

Kva kan klynga gjera for deg som næringsaktør?

  • Kven kan bli med i klynga? 
    • Du som har planar om å utvikla viltkjøt som næring
    • Du som driv foredling av viltkjøt, har vilthandsamingsanlegg eller er detaljist
    • Klynga er open for nye medlemerKlyngeaktivitetane er retta mot kjøp og sal  av kjøt, men kan verte utvida etterkvart
  • Kva kan du oppnå med å bli med i klynga?
  • Fagleg utvikling og kunnskapsdeling
  • Samarbeid i eit nettverk
  • Samarbeid om leveransar, td. til Hurtigruta
  • Logistikksamarbeid for mottak og sal av kjøt

Kva kan klynga gjera for deg som jeger?

  • Du kan selje overskotskjøt til vilthandsamingsanlegg
  • Kurs frå Norsk Hjortesenter om forvaltning av hjort og bevaring av kjøtkvalitet under slakting i felt. Kurset er tilpassa jegerar og grunneigarar og vert gjeve i regi av din kommune.
  • Klynga håpar du vil vere med og gjere godt norsk hjortekjøt tilgjengelig slik at det kjem ut på marknaden.

Kven kan levere kjøt til klynga?

  • Kven kan levere?
    • Alle jegerar og grunneigarar
  • Kor kan du levere kjøt?
    • Direkte til vilthandsamingsanlegga (eller til hentepunkt) som er med i klynga
  • Kva kan du levere?
    • Heile skrottar saman med indre organ og med eller utan skinn (etter avtale med mottakar)
    • Feltkontrollerte skrottar
  • Kvalitet?
    • Etter klynga sine kriterium
  • Korleis levere?
    • Etter avtale med mottakar
    • Vilthandsamingsanlegg tek imot heile skrottar.    Dersom dei ikkje er feltkontrollert må ein levere med indre organ.
    • Enkelte mottak krev at hjorten skal leverast med skinnet på.

Kva jobbar klynga med no?

  • • KLYNGEPROGRAMMET for 2025
    • I 2025 jobbar klynga med:
      • Gjennomføre klyngeprosjekt (med støtte frå Innovasjon Noreg).
      • Etablere ein klyngeorganisasjon
      • Vidareutvikle samarbeidet med Hurtigruten.
      •  Jobbe med å utvikle klynga som felles salskanal mot store kundar.
      • Ferdigstille ein standard for skjering av hjortekjøt, og vere pådrivar for høg kjøtkvalitet i alle ledd
      • Sette rekruttering av personell og nye bedrifter på dagsorden
      • Marknadsføre klynga og utvikle eit konsept for merkevarebygging av norsk hjort
      •  Utvikle eit nytt felles klyngeprosjekt. 

 

Vil du sjå rettleiarar og vite meir om prosjektet viser vi til informasjon på Statsforvaltaren i Vestland si side