Vipebestanden i Norge har gått kraftig attende dei siste åra.  Her på Halsnøy har vi hekkande par som legg reiret sitt omtrent på same staden kvart år.   Nytt av året er eit skjold som kan plasserast over vipereiret, slik at ein kan bruke slepeslange utan å knuse eller grise til reiret, seier Toft.  

Det vert spanande å ta skjoldet i bruk seier leiaren i Halsnøy Bondelag.  Han er glad for dei ulike tiltaka som vert sette i verk for å sikre Vipa.

På Halsøy vart det ein liten stopp i vårvinna sist veke, men no kjem vårteikna i full fart så denne veka vert det full fart i vårarbeidet for dei fleste.  Toft har nytt fjøs frå 2018 der det vert produsert kring 320.000 liter mjølk.  - Med jobb som rekneskapsførar er det fint for familien å ha god hjelp i arbeidsame, ivrige og flinke ungdommar frå nabolaget, seier Toft.   Frå garden Øvre Tofte på Halsnøy har Anfinn dette utsynet sist laurdag:

Ikkje alle er like glade i løvetanna, men vårteikn er det visst

 

Kystgeita har fokus lengst nordvest i fylket

Frå våren sør i fylket tek vi turen til våren lengst nord og vest i fylket.  Der leier Svein Per Ervik Selje- og Stadlandet Bondelag.  Ut mot Stadthavet kan vindrosene ta kraftig, men utsynet er ope og menneska som bur og driver næring der er det alltid kjekt å møte på.  Det grønkast også i Selje og vårvinna står for døra etter eit tilbakeslag med snø ned i fjæresteinane sist veke.    Svein Per driv sjølv med mjølkeproduksjon, men han ynskjer å setje eit ekstra fokus på kystgeita som er særmerkt i denne delen av fylket    .Kystgeita er en unik norsk geitestamme som har vore halden for kjøtproduksjon, isolert frå den vanlege mjølkegeita i Norge.  Det er totalt omtrent 400 kystgeiter per i dag (NIBIO, 2014).


Sjarmørar på to og fire føter

Ut mot storhavet:  Bilete frå Ervik i Stad kommune teke sist veke