Familiefarmen
Eit resultat av koronakrisa, satt i gang av 10. klassingane Simen Aabrekk, Kristina Håvik og Hedda Hugvik frå Sandane.
Landsdekkande konkurranse inspirert av Hayday, Farmen og 4H.
Tanken var å inspirere til å dyrke sin eigen mat, uavhengig om ein bur på bygda eller i by'n.
15 familiar deltek i konkurransen om å vinne 10 000 kr sponsa av Sogn og Fjordane Energi.

Det kom inn mange fine bidrag til finalerunda i Familiefarmen 2020. Det var 15 familiar som sendte inn film til første runde av Familiefarmen i juni. I haust gjekk runde 2 av stabelen og 12 av 15 familar følgde opp med å sende inn video nr 2. Du kan sjå alle bidraga på Familiefarmen si Facebookside.

For juryen var det ein vanskeleg jobb å plukke ut ein vinnar av dei 12, då det var mange gode kandidatar til å vinne premien på 10 000 kr sponsa av Sogn og Fjordane Energi. 

Nokon av dei som sendte inn bidrag hadde god erfaring med matproduksjon medan andre var ganske ferske i jobben. Inntrykket ein set at med etterpå er at alle har lært mykje og allereie lagt gode planar for neste års sesong, seier eine medlemmet av juryen Ellen Kristin Høiseth Eiken. Ho fortel vidare at ho er blitt sterkt inspirert av alle dei fine filmane. Det er imponerande kor mange som får til mykje på eit lite areal - dette er noko alle burde bli inspirert til å gjere, held ho fram.

Team Ea som stakk av med sigeren er ein familie på fire som består av Evangeline Sessford, Vidar Nyhammar, samt borna Leo og Ea. Dei hadde ein frodig hage med mykje spennande innhald. Det var alt frå grønnsaker til druer i drivhuset. Finalefilmen kan sjåast her. Vi gratulerar!

Takk for alle dei fine bidraga og takk til dei tre ungdomane Kristina Håvik, Simen Aabrekk og Hedda Hugvik som starta Familiefarmen 2020!