Kunne du tenkje deg å leige ut areal til åkerdrift?

Bybonden i Bergen får stadig spørsmål frå folk som er på jakt etter areal som er eigna for grønsaksdyrking. Dette kan vere hobby-gartnarar som ser etter 40 m2 til å dyrke poteter, grønkål og liknande, eller nyutdanna gartnarar eller agronomar som ser etter 2-500 m2 for å teste ut produksjon i litt større skala.

Dei ser etter areal som har god matjord – helst ikkje myrjord, og som er nokon lunde sørvendt. I tillegg held Bybonden på med å utvikle ein app som skal gjere det lettare å finne areal for dei som ynskjer å dyrke, og som skal vere det lettare for landeigarar å eige vekk areal til åkerdrift. Om du har slike areal, eller om du veit om nokon, så vert Bybonden i Bergen glad for å høyre frå deg! Ta kontakt på ida.kleppe@bondelaget.no eller 47331590

Les meir om Bybonden i Bergen.