Lokallaga i Bergen og omegn tok initiativ til eit møte med veterinær Per Inge Wetteland der dei diskuterte veterinærordninga i samband med framlegg til nytt budsjett i Bergen kommune.

Husdyrproduksjonen er avhengig av ei godt organisert veterinærteneste, mellom anna for å halde oppe ei god dyrevelferd. Kommunane har ansvar for å syte for at dyrehelsetenestane er tilfredsstillande og for å organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. I mange kommunar i Vestland opplever bøndene at dei ikkje har eit teneleg tilbod. Veterinærvaktordninga er difor eit viktig tema som vert tatt opp i lokallag og fylkeslag med jamne mellomrom.