LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Vi som produserer mat blir allereie  utfordra av eit klima i endring,  og vi bønder skal sjølvsagt bidra til å redusere utslepp og auke opptaket av karbon.

Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

- Eg er glad for at avtalen slår fast Stortinget sitt mål om auka sjølvforsyning, der eit landbruk over heile landet ligg til grunn.

I dag signerte Bondeorganisasjonane og Regjeringa ein intensjonsavtale om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket. Partane forpliktar seg dermed  til å redusere jordbruket sitt samla klimagassutslepp med 5 millionar tonn CO2-ekv. frå 2021-2030.

 

Ambisiøs avtale

-Eg er glad for at partane vart einige, fortel Felde.

Han meiner klimaavtalen gjev auka tyngde til fleire igangsette klimasatsingar i jordbruket, som auka produksjon av biogass, avlsarbeid, satsing på betre grovfôr og nye løysingar for eit fossilfritt landbruk.

-Vi er allereie godt i gang med fleire viktige klimasatsingar som skal bidra til at vi kjem i mål. Mange løysingar handlar om ny teknologi, men vel så viktig er klimagevinsten ved god agronomi og godt gras til kua, seier Felde.

Fylkesleiaren peikar på at særs mange klimaløysingar  i landbruket ikkje blir bokført i dagens utsleppsregnskap. Han er difor glad for at avtalepartane er samde om å jobbe for at flest mogeleg tiltak for utsleppskutt og auke av karbonopptak i jordbruket skal bokførast og dermed bidra til å oppfylle sektoren sin klimaforpliktelse.

-Gjer  bøndene klimakutt på garden sin, så må dei få kreditt for det. Det er eitt viktig prinsipp som ligg til grunn for avtalen, seier Felde.

 

-Eg vil fylgje arbeidet tett

I avtalen heiter det at både Regjeringa og næringa skal bidra til å oppfylle utsleppsforpliktelsen. Partane er samde om at aktuelle verkemiddel for å fylgje opp avtalen skal vurderast i samband med dei ordinære prosessane for statsbudsjettet, og for jordbruksforhandlingane.

-Vi treng fleire verkemiddel for å støtte opp om klimatiltak i jordbruket. Det er bra at dette skal vurderast fortløpande. Vi kjem til å fylgje arbeidet tett, avsluttar Felde.

 

Bakgrunn:

  • Norges Bondelag og Norsk Bonde og Småbrukarlag har forhandla om ein klimaavtale med Regjeringa sidan juni 2018.
  • Avtalen er en intensjonsavtale om reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå 20212030. Avtalen er ikkje juridisk bindande.
  • I 2018 kom 8,5 prosent av Norges klimagassutslepp frå jordbrukssektoren. Mesteparten av utsleppa stammar frå naturlege, biologiske prosessar som fordøyelse til husdyra og lystgass frå gjødsla.