. Det er svært bra at regjeringa med Landbruk og matminister Olaug Bollestad har sett at verktøya for reguleringa av kjøtmarknaden er avgjerande for eit landbruk og matproduksjon i heile landet.  Mottaksplikt skal vere eit risikoreduserande tiltak for bonden, ikkje for industrien seier Felde.

Landbruks og matminister Olaug Bollestad, avgjorde onsdag 25. november å ikkje pålegge marknadsregulator for kjøt, Nortura, dobbelt mottaksplikt.  I dag har Nortura mottaksplikt på sau, gris, storfe og egg levert frå bonden til Nortura. Forslaget som har vore på høyring ville innføre mottaksplikt for eit bondeeigd Nortura også på kjøt (heilt slakt) frå den «private» kjøtindustrien.

Felde er tydeleg på at for distriktsjordbruket er mottaksplikta som Nortura har vore avgjerande for at bonden skal vere sikra avsetning for varene sine når bonden ynskjer det. Det er sjølve grunnlaget for eit landbruk over heile landet og skapar ein tryggheit for bonden sin matproduksjon som ein ikkje kunne vore utan.  Eg set stor pris på dei private industriaktørane innan matindustrien, og er imponert over alt dei får til, seier Felde.  Men at bonden, som er den som betalar for marknadsreguleringa gjennom omsetningsavgift, skal ta på seg rekninga og ansvaret for kjøtet dei private aktørarne ikkje får seld, ville vorte ei tung bør for distriktslandbruket.   Eg er redd tiltaket hadde ført til ei sterkare sentralisering av Norsk matproduksjon.  Difor er eg glad for statsråden sin konklusjon, avsluttar Felde.

Her finn du meir kunnskap om saka på Landbruks- og Matdepartementet sine sider