- I ein situasjon med store rovvilt i beiteområdet må ein vere budd på å finne kadaver, og då er det viktig å ha noko enkelt utstyr å hjelpe seg med slik at funn kan dokumenterast, seier organisasjonssjef i Vestland Bondelag Merete Støfring.  Det viktigaste å ha i sekken er utstyret på dette biletet:

Bilete: Pose til eventuell ekskrement, telefon til å ta bilete med og registrere kartkoordinatar/gps, brettbar ryddesag til å skjere kvist og liknande som ein kan bruke å dekke til kadaver med, linjal/metermål til å syne storleik på spor, skade og liknande.  Elles er kniv og eit par hanskar nyttig å ha i sekken. Foto: Hanne Lisbeth Nybø.

Dersom de ser eller finn spor etter freda rovdyr, oppmodar vi om at de melder frå til Statens naturoppsyn (SNO) eller legg observasjonane inn i Skandobs så snart som mogleg. Dette er viktig for å legge grunnlag for ei best mogeleg forvaltning av freda rovvilt. Dersom det er mistanke om tap av dyr grunna freda rovvilt er det viktig med dokumentasjon, både for å få sett i verk tiltak og for å kunna sikre erstatning ved tap.  Rovviltkontaktane i SNO i Vestland:  

  • Dunkley, Andreas   Haugesund     480 25 444
  • Fuglesteg, Rune     Luster             476 41 915
  • Haugen, Hartvig     Bjørnafjorden  970 13 594
  • Myhren, Finn Olav  Sunnfjord        468 98 112
  • Røknes, Ole Runar Ulvik                949 78 534  
  • Slettemark, Ingmar Voss                957 09 271
  • Sæten, Sverre        Nordfjord         404 48 216
  • Øydvin, Håkon        Aurland           995 67 650

Regionansvarleg for rovvilt er Rein Arne Golf - Han har telefon mob 480 94 364. 

Side på SNO med namn på rovviltkontakter

Er du lur legg du namn på rovviltkontakten i ditt område og regionansvarleg inn på telefonen så har du det klart om du skulle oppdage uynskte hendingar som kan knytast til rovvilt.

 

Kartfesting er viktig for at rovviltkontaktane skal kunne finne kadaver i felt.  Difor så kan du nytte til dømes denne appen:

1. Når du står tett ved kadaver. Trykk på blå knapp nede i høgre hjørne

2. Då får du opp nøyaktige koordinatar på kvar du er.

3. Ta skjermdump og sende til Rovviltkontakten og regionansvarleg i SNO med ein gong

 

Før du går vidare :   La kadaveret liggja mest mogeleg urørt

1. Ta fleire bilete av kadaveret.  Desse kan nyttast i dokumentasjonsarbeid 

2. Dekk til kadaver med kvistar/busker/stein og mose.    Er det kaldt i veret og kadaver ikkje ligg i sola kan  t.d. bossekk nyttast, men naturens eigen kamuflasje er best.