Fusa Bondelag har handla inn frø, pallekarmar og jord som dei har levert ut i barnehagane i sitt område. Fredag 23.april var dei ute i barnehagane i Strandvik og Eikelandsosen og hjalp dei med å så i karmane. Ungane var med på plantinga og ventar no spent på at det skal byrje å spire og gro i karmane. - Ein veldig fin måte å markere 125-års bursdagen til Norges Bondelag, seier leiar i Fusa Bondelag, Lars Inge Vik. - No er me spente på å følgje kassane vidare i vekstsesongen. 

Det måtte vere både liten og stor traktor med på plantinga i Strandvik Barnehage. :) 

Fordeling av plass for dei ulike frøa i pallekarmen hjå Eikelandsosen Barnehage. 

Mange hender som ville vere med å plante. 

Kassane vart merkte med #vidyrkerlandet