Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Vi er i ein situasjon der vi har fått frislepp i norsk mjølkeproduksjon ut året. Dette er positivt for den einskilde mjølkebonde som kan auke sin produksjon, MEN det er også eit varsko om at økonomien i mjølkeproduksjonen er så svak at for få vel å satse på mjølk, var noko av det Rolf Olav Gjørven sa frå talarstolen i årsmøtet til Norges Bondelag
Difor er resultatet av årets jordbruksoppgjer eit viktig steg på vegen, MEN det må følgjast opp med fleire steg som styrkar økonomien held Gjørven fram. Vi treng at det det vert produsert mjølk i heile landet. Mjølkeproduksjonen skapar verdiar og brukar store areal til produksjon av plantar som gjev godt grovfor.
Skal eg og andre i mi bygd i Oppstryn kunne produsere mjølk treng vi at styrka økonomi skjer i følgje med styrka politikk og rammeverk. Frislepp kan vere bra for å styrke økonomien på kort sikt i ein avgrensa periode for nokon, MEN mjølkeproduksjon i heile landet treng politikk. Difor er det komande året, og det arbeidet som skal skje med utvikling av ny marknadsordning for mjølk heilt avgjerande for min familie og mange mjølkeprodusentar i distrikta sitt virke. Tydeleg rammeverk, kvoteordning og styrka økonomi. Kall det gjerne eit «kinder egg», MEN for arealbruk og mjølkeproduksjon i distrikta er det heilt avgjerande!
Landbrukspolitikk har vore «hot» dei siste åra. Det må vi som organisasjon nytte positivt til å auke kunnskapen om landbrukspolitikken. Vi må erkjenne at kunnskapen om landbrukspolitikken ikkje vert nedarva gjennom slektsledd slik det gjerne var før.
Vi må tileigne oss kunnskapen gjennom kurs og opplæring. Difor vil eg avslutningsvis kome med ei oppmoding til styret i Norges Bondelag: Set opplæring i landbrukspolitikk på dagsorden. Bygg kunnskap hos tillitsvalde og medlemer kring den politikken som styrkar matproduksjon, sjølvberging, arealbruk, busetnad og verdiskaping i heile landet, avslutta Rolf Olav Gjørven.
Rolf Olav Gjørven var ein av 14 utsendingar frå Vestland på årsmøtet. Mange av utsendingane hadde ordet i møtet i form av innlegg eller replikkar. Velferdsordningar med fokus på samordningsregelen, kanaliseringspolitikk, viktigheita av matproduksjon i heile landet, rovviltpolitikk og grøntnæringa sin plass i distrikta var mellom dei tema som utsendingane frå Vestland tok opp i møtet.
Du kan sjå opptak av årsmøtet HER
Du finn resultatet av valet på årsmøtet HER
Utsendingar og gjester med tilknyting til Vestland.
Karane bak f.v. Knut B. Hauso, Olav Myhr, Nils Magne Gjengedal, Oddbjørn Bratthole, Henrik Nordtun Gjertsen (Styremedlem NB NBU) Eivind Myrdal, Nils T. Bjørke (Tidlegare leiar NB), Lars Peter Taule (org.sjef) Andreas Hus, Knut Tore Nes Hjelle og Rolf Olav Gjørven.
Kvinnene f.v.: Kjersti Hjelmeland, Gry Ingvild Agjeld, Kari Sigrun Lysne, Guro Stuve, Maya Fugelsnes Greve, Silje Skarstein og Bodhild Fjelltveit (1. nestleiar i NB)