Gry Ingvild kjem frå Gudbrandsdalen, men bur no i Olden i Stryn kommune. Her driv ho gard med 85 vinterfôra sau saman med mannen og dei tre barna på 12, 14 og 16 år.

Ein god del av kvardagen til Gry Ingvild går med til oppbygging av besetning og utvikling av eige bruk. Akkurat no er det paring og inseminering som får fullt fokus. Då Gry Ingvild og mannen tok over garden, hadde den tidlegare eigaren akkurat avslutta mjølkeproduksjonen. Dei starta med 12 søyer, og auka produksjonen til 50 søyer. Då var den gamle fjøsen full. No byggjer dei ny fjøs der det skal vere plass til 170 vinterfôra sau.

Gry Ingvild er frå ein fjellgard med mjølkeproduksjon og litt gris. Ho hadde tidleg planar om å bli veterinær, men den obligatoriske praksisperioden på 6 månader før studiet, endte opp med å bli fire år med geitemjølksproduksjon. Etter kvart fann ho ut at ho heller ville ta jordbruksutdanning. Ho studerte økologisk landbruk med påbygg landbruksteknikk på Blæstad. Etter studiane jobba ho tre år i den økologiske forsøksringen i Steinkjer, før ho gifta seg og vart gardbrukar i Olden.

I tillegg til garden har Gry Ingvild hatt ei allsidig karriere. No er ho KSL-revisor, men ho har også vore tilsett i landbrukets HMS-teneste, på landbrukskontoret i Stryn og i Tine.

-  Som tillitsvald er det ein fordel å kjenne mange bransjar, seier Gry Ingvild. Som produsentrådgjevar i Tine jobba ho mellom anna med mjølkeprosjektet. – Det er viktig at vi får nok investeringsmidlar til at mjølkeprodusentane blir med vidare, seier ho. – I min kommune er det alternative arbeidsplassar innan reiseliv og grunderverksemd, og då er det lett at landbruket tapar. Vi må skape utviklingsrom og økonomi for dei bøndene vi har, basert på ressursane på garden.

Gry Ingvild har vore aktiv i bondelaget sidan ho og mannen tok over garden i 2004. Ho er opptatt av mange tema i landbruket, mellom anna klima, dyrevelferd, lausdriftskravet og at Vestland skal få sin del av den nasjonale satsinga på frukt og grønt.

- Min forventning om vervet i Vestland Bondelag, er at vi klarer å bygge eit godt fylkeslag og jobbe saman så alle kan få eit løft. Vi skal vere til stades for vestlandsbonden og synleggjere og løfte fram alle bøndene og produksjonane i fylket. Vi skal ta tak i dei viktigaste sakene og gjere ein forskjell, avsluttar ho.