Vi må utfordre oss sjølve til bli betre agronomar
- Har vi dei verkemidlane vi treng for å bli betre til å dyrke grovfor som grunnlag for høgare norsk del i fòret vårt? utfordra styremedlem i Norges Bondelag i si innleiing til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i dag.
Med utgangspunkt i FN sine 17 bærekraftsmål utfordra Usland utsendingane med fleire spørsmål knytt til verkemiddelbruken i jordbruksforhandlingane.
- Kva gjer vi og korleis er vi i posisjon til å kunne bli betre agronomar?
- Må vi tenke nytt?
- Er det meir av same verkemiddel som vil stimulere oss til å utvikle kunnskapen vår og gjere noko for å styrke mellom anna produksjonen av grovfor?
- Må vi tenke meir på jordhelsa og mindre på teknologien i traktoren?
- Skal dyra våre også etter norsk, ete sesong - les beite og ete opp - alt areal i heile landet?
Spørsmål i debatten i etterkant
Mange engasjerte seg med spørsmål og innlegg i debatten. Nedanfor finn de kortversjon i tema og meir eller mindre tydelege meldingar som Birte Usland vart beden om å ta med attende til styret i Norges Bondelag.
- Klimakur 2030 kolliderer mykje med mange av FN sine bærekraftsmål
- Vi må gå i oss sjølve også - skal vi ha truverde må vi faktisk gå føre
- Dialog med dei vi fryktar mest er viktig
- Sentralisering av landbruksproduksjonen gjev oss monokulturar - er det bærekraftig?
- Korleis motverke ei vidare sentralisering av norsk matvareproduksjon?
- Skal vi ha PRODUKSJON over heile landet eller skal vi berre ha landbruk over heile landet? Vert vi høyrde av Norges Bondelag? Kven skal eg setje mi lit til - Bondelaget eller politikarane?
- Kvifor torer ikkje Bondelaget gjere meir for å sikre ein PRODUKSJON i heile landet?
- Vi må bli tøffare i dialogen i klimadebatten - synleggjering av argumenta våre må bli betre
- Vi driv eit bærekraftig landbruk i våre område - da svarar på mange av bærekraftsmåla -
- Vi og må kutte i utsleppa dersom vi skal berge verda
- Kor langt skal vi gå i ei retning der vi ekstensiverer norsk landbruk?
- Vi treng meir politikk, men vi må ikkje danne eit inntrykk av at kraftfor og sprøytemiddel er gale då tapar vestlandsbonden
- Mat og likestilling heng saman
- Kvar dag møter eg folk som er fortvila og ynskjer seg ut av ei næring.... dei eigentleg mest av alt i livet ynskjer å vere i. Den norske bonden treng ikkje meir hest og negativitet - han treng faktisk honnør og ros for den viktige jobben han gjer.
- Betre grovfor kjem ikkje av seg sjølv, men vi kan gjere mykje over tid
- Kvifor ikkje mål om å kutte ut alle bruk av soya?
- Kommunikasjon kan ikkje overvurderast - da er ein umetteleg trong for å formidle kunnskap om kva vi driv med