Med utgangspunkt i FN sine 17 bærekraftsmål utfordra Usland utsendingane med fleire spørsmål knytt til verkemiddelbruken i jordbruksforhandlingane. 

  • Kva gjer vi og korleis er vi i posisjon til å kunne bli betre agronomar?
  • Må vi tenke nytt? 
  • Er det meir av same verkemiddel som vil stimulere oss til å utvikle kunnskapen vår og gjere noko for å styrke mellom anna produksjonen av grovfor?
  • Må vi tenke meir på jordhelsa og mindre på teknologien i traktoren?
  • Skal dyra våre også etter norsk, ete sesong - les beite og ete opp - alt areal i heile landet?

 

Spørsmål i debatten i etterkant

Mange engasjerte seg med spørsmål og innlegg i debatten.  Nedanfor finn de kortversjon i tema og meir eller mindre tydelege meldingar som Birte Usland vart beden om å ta med attende til styret i Norges Bondelag.

  • Klimakur 2030 kolliderer mykje med mange av FN sine bærekraftsmål
  • Vi må gå i oss sjølve også - skal vi ha truverde må vi faktisk gå føre
  • Dialog med dei vi fryktar mest er viktig
  • Sentralisering av landbruksproduksjonen gjev oss monokulturar - er det bærekraftig?
  • Korleis motverke ei vidare sentralisering av norsk matvareproduksjon?
  • Skal vi ha PRODUKSJON over heile landet eller skal vi berre ha landbruk over heile landet?  Vert vi høyrde av Norges Bondelag?   Kven skal eg setje mi lit til - Bondelaget eller politikarane?
  • Kvifor torer ikkje Bondelaget gjere meir for å sikre ein PRODUKSJON i heile landet?
  • Vi må bli tøffare i dialogen i klimadebatten - synleggjering av argumenta våre må bli betre
  • Vi driv eit bærekraftig landbruk i våre område - da svarar på mange av bærekraftsmåla - 
  • Vi og må kutte i utsleppa dersom vi skal berge verda
  • Kor langt skal vi gå i ei retning der vi ekstensiverer norsk landbruk?
  • Vi treng meir politikk, men vi må ikkje danne eit inntrykk av at kraftfor og sprøytemiddel er gale då tapar vestlandsbonden
  • Mat og likestilling heng saman
  • Kvar dag møter eg folk som er fortvila og ynskjer seg ut av ei næring.... dei eigentleg mest av alt i livet ynskjer å vere i.   Den norske bonden treng ikkje meir hest og negativitet - han treng faktisk honnør og ros for den viktige jobben han gjer.
  • Betre grovfor kjem ikkje av seg sjølv, men vi kan gjere mykje over tid
  • Kvifor ikkje mål om å kutte ut alle bruk av soya?
  • Kommunikasjon kan ikkje overvurderast - da er ein umetteleg trong for å formidle kunnskap om kva vi driv med