I dag la Miljødirektoratet fram dokumentet som har fått namnet Klimakur 2030.   Dokumentet med vedlegg er på 1200 sider og handlar om tiltak og verkemidlar som kan halvere utslepp av klimagassar frå ikkje-kvotepliktig sektor fram mot 2030.   Dokumentet peikar på 60 ulike tiltak og sidan det handlar om framtida vert det peika på at det føl stor grad av usikkerheit med dei einskilde tiltaka. 

- Det er ikkje uventa at rapporten peikar på endra kosthold og redusert matsvinn som eitt av tiltaka, seier fylkesleiar Anders Felde, men når det er sagt så kan vi IKKJE ete oss ut av klimakrisa. 

Rapporten er også tydeleg på at ei omlegging av kosthaldet vil endre korleis Norges vert sjåande ut.  Så mykje som ein million dekar jordbruksareal kan gå ut av drift i distriktsjordbruket.  Det er dramatisk for norsk sjølvforsyning.  FN peikar på alle land sitt ansvar for å halde oppe eigen matproduksjon, medan vi på eit anna politikkområde peikar på at redusert norsk produksjon er løysinga for Norge. 

- Da heng rett og slett ikkje på greip seier ein tydeleg fylkesleiar.  Vi har 3 % matjord i Norge.   Vi har store ressursar på innmark og i utmark som berre er eigna til beitebruk og grasproduksjon.  - Meiner vi verkeleg at det er bærekraftig og miljøvenleg å la norsk matjord ligge brakk og gro att, medan importen av mat og med det klimautsleppa i andre deler av verda aukar ?  -  Eg klarar rett å slett ikkje å forstå dette, held Felde fram.

Ja, vi skal medverke med kutt i klimautsleppa mellom anna ved hjelp av betre dyrkingsmetodar og ny teknologi. Jordbruket har inngått forpliktingar med regjeringa for å gjennomføre vår del av kutta.  - Det er viktig at det vert gjort på ein måte som legg vekt på våre naturgjevne føresetnader, slik at vi kan oppretthalde ein klimavenleg matproduksjon også i Vestland og andre distrikt der det ikkje finst reelle alternativ til husdyrhald og grasproduksjon.   Det er også det FN sitt klimapanel legg opp til, seier Anders Felde.

Da vert heilt feil at det underet som det er at beitande dyr med fire magar omdannar gras til menneskemat vert sett på som noko negativt for oss menneske.  

- Ein må sjå på heilskapen i matproduksjonen og på dyra sin plass i eit naturleg karbonkretslaup.  JA, vi skal heile tida strekke oss i å betre måten vi produserer kjøt på. MEN at fleirmaga dyr omdannar gras til mat som vi menneske kan ete ER ikkje klimafientleg !  - Da må heller sjåast på som eit UNDER, seier ein uvanleg tydeleg fylkesleiar

 

Nokon av paradoksa i klimapolitikken

Klimapolitikken er så full av paradoks, at eg tenkjer det er på tide vi set fokuset på nokon av desse paradoksa.  

  • Paradokset i å ete mindre norsk produsert kjøt - samstundes som vi importerer store mengder frå Sør Amerika der kjøtproduksjonen har større klimautslepp pr. kilo enn måten vi produserer kjøt på i Norge.
  • Paradokset i at bonden ikkje får godskreve i klimarekneskapet kutt i CO2 utslepp som følgje av betre grøfting og større lagring av CO2 i jorda ved forbetra grovfordyrking.  Det vil vere viktig å få betra klimarekneskapen for jordbruket slik at fleire element tel med.
  • Paradokset i at det er stort fokus på kosthaldsendringar, medan forbruksmønster i form av kjøp av klede og reiser vert forbigått i omlag stilla
  • Paradokset i at det ikkje vert skild mellom fossile utslepp og biologiske utslepp i utsleppsrekneskapen